Hopp til innhold

Her gir Hushovd arvtakaren 40 000 kroner

Mathias Skjold (17) frå Grimstad er eitt av Norges største sykkeltalent og fekk laurdag Thor Hushovd-stipendet for 2013.

Mathias Skjold og Thor Hushovd

Mathias Skjold fekk stipendet av Thor Hushovd i Grimstad laurdag.

Foto: Siv Kristin Sællmann/NRK

– Det er sjølvsagt veldig stort, seier Skjold til NRK.

Skjold deltok mellom anna på fleire landslagssamlingar i fjor. Han vart også teken ut til å sykle Paris-Roubaix i sin første sesong som junior.

Thor Hushovd-stipendet vart etablert for å heidre VM-sigeren hans på fellesstarten i 2010. I år er siste året prisen vert delt ut. Stipendet vert finansiert av Grimstad kommune og Aust-Agder fylkeskommune og er altså på 40 000 kroner.

– Han er ein ung ryttar som viser pågangsmot og har lyst til å nå langt. Då er det gøy å gi den til Mathias. Det er ekstra lett når du ser kor fort han syklar, seier sykkelkongen Thor Hushovd.

Førebels er ikkje sykkeltalentet på laget til Thor Hushovd, men det drøymer han om å ein gang bli.

– Det er målet, seier han.

– Det er absolutt moglegheiter for han viser køyrestyrke, talent og ikkje minst iver. Det ynskjer vi. Så er han ein bra fyr også. Det er viktig når ein må forholde seg til mange andre ryttarar i eit lag, seier Hushovd.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %