– Kristiansand kommune kunne ha nytta meir presise og tilgjengelege begrep i sitt informasjonsmateriale til skatteytarane, på skatteseddelen og på skattelistene, seier kontorsjef hos Sivilombodsmannen, Bjørn Dæhlin til NRK.no.
- LES OGSÅ: Flere feil i eiendomsskatten
- LES OGSÅ: Ny klagefrist for e-skatten
Tidlegare denne månaden klaga Huseiernes Landsforbund Kristiansand kommune inn for Sivilombodsmannen. Dei meiner at kommunen ikkje har gitt huseigarane god nok klagemoglegheit etter omtakseringa.
Har fulgt reglane
– Vi kan ikkje sjå at kommunen har gjort noko ulovleg, seier Dæhlin.
Leiar av Huseiernes Landsforbund i Vest-Agder, Espen Solum, gjekk tidlegare rett i strupen på Høgre-ordførar Per Sigurd Sørensen. Solum meiner at ordføraren ikkje held seg til Høgre sitt partiprogram når han er i ferd med å auke eigedomsskatten i byen.
- LES OGSÅ: Mange klager på eiendomsskatten
Landsforbundet skriv i ei pressemelding at dei vil jobbe vidare for å hjelpe huseigarar som opplever feil i omtakseringa.
Vil ha klare reglar
– Den såkalte sakkyndige ankenemnda består av så vel aktive som pensjonerte politikarar. Dei er verken kompetente eller habile. Korleis kan eit bystyremedlem ha posisjon i bystyret samstundes som han sit i ankenemnda, spør Solum i pressemeldinga.
- LES OGSÅ: Eiendomsskatt en dårlig valgsak
Sivilombodsmannen vil ha klare og enkle retningsliner omtaksering i framtida.
– Vi vil jobbe for å gjere regelverket for eigedomsskattsaker enklare og lettare tilgjengeleg. Det er ikkje vanskeleg å forstå at Huseiernes Landsforbund og fleire busette i Kristiansand ikkje tykkjer at dette er så enkelt, seier Dæhlin.
Trekte seg
Espen Solum trekkjer fram Sel kommune som døme på slett arbeid i samband med omtakseringa. Der var fakta- og takseringsfeila så store at politikarane til slutt valde å trekkje omtakseringa.
– Det burde vere eit døme til etterfølgelse, seier Solum.