– Det er veldig mange som har litt dårlege batteri. Då merkar dei det når det kryp under 20 kuldegrader, seier bilbergar Bjørn Jacobsen hos Falck i Arendal til NRK.no.
- LES OGSÅ: Kulda skaper problemer
Nedringt
Det har ringt i eitt til bilbergingsselskapa i Agder desse kalde juledagane.
– Eg har ikkje pausar, så no byrjar eg å bli litt svolten. Så det hadde vore godt med noko mat snart, sa Jacobsen då vi snakka med han.
- LES OGSÅ: Nye biler får startproblemer
Også i Kristiansand er det mykje å gjere for bilbergarane.
Unngå småkøyring
– Mange gonger brukar folk bilen for lite. Det vert mykje småkøyring som tappar batteriet. Du klarar aldri å ha eit topplada batteri når det er så kaldt som no, seier Kjell Rune Strømstad.
Han og kollegene ber folk unngå småkøyring. Ta heller ein litt lengre tur for å halde liv i batteria.
- LES OGSÅ: Minusgrader gir biltrøbbel
– Så er det veldig greit om du har motorvarmar. Det sparar motorane mykje. Dei som har syntetisk olje slepp litt billeg unna, seier Jacobsen hos Falck i Arendal.