NRK Meny
Normal

Sakna 14-åring funne død

Det var ei 14 år gammal jente som har vore sakna sidan torsdag ettermiddag som vart funne død i Søgneelva laurdag kveld. Det stadfestar politiet.

Ung jente funne død i Søgne

Jenta vart funne i Søgne-elva like over klokka 17 laurdag ettermiddag. Her er ein politimann på veg ned mot elva.

Foto: Roar Tolfsen/N247.no

Det er ikkje mistanke om at jenta skal ha blitt utsett for noko kriminelt.

– Vi fekk melding frå ein kajakkpadlar om at han hadde funne ein død person. Det viser seg å ere ei ung jente. Vedkommande er send til identifisering, sa operasjonsleiar i Agder-politiet, Per Kristian Klausen til NRK laurdag kveld.

Jenta vart funne like over klokka 17 laurdag ettermiddag.

– Eg er orientert om at det er funne ein død person i elva. Utover det veit eg førebels ikkje meir enn at kriseteamet til kommunen er kalla ut, seier lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen til NRK.

Seinare på kvelden stadfesta politiet at det var ei 14 år gammal jente som har vore sakna sidan torsdag som var funne.