Politiet vart varsla om brannen klokka 05.42 natt til søndag. Då dei kom fram var det full fyr i den eine leilegheita.
Seinare spreidde flammane seg til endå ei leilegheit.
– Brannvesenet hadde søkt gjennom bygget då vi kom og fekk familiane som budde i bygget ut, seier innsatsleiar i politiet, Arnt Helge Drageland til NRK.
Familien som bur i leilegheita der brannen starta kom seg ut sjølve. Alle skal vere flyktningar. Det budde også barn i bygget som er totalskadd.
– Det er ingen skadde som vi er kjende med, seier Drageland.
Etter det NRK kjenner til er det direkte brannvarsling til brannvesenet.
Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent. Det er heller ikkje kjent kor mange personar som budde i bygget.
Men brannen er under kontroll og brannvesenet held no på med ettersløkking.