Hopp til innhold

Er dette Noregs sprekaste 91-åring?

Norske menn blir feitare og feitare, men 91 år gamle Jacob Edwood Meberg frå Kristiansand trenar fast på treningssenter tre gonger i veka. – Folk er for late, meiner han.

Video Alder ingen hindring

– Det vert som regel tre gonger i veka. Eg byrjar gjerne i 12-13-tida og trenar i 2-3 timar, seier Edwood Meberg til NRK.no.

91-åringen har trent i mange tiår og startar alltid treninga på tredemølla.

– Eg startar på mølla med cirka 15 minutt. Då går eg 1,5 kilometer og brukar cirka hundre kaloriar, seier han.

– Eit førebilete

Han køyrer eit fast program med ti øvingar. Tilsette ved treningssenteret der han trenar er imponert.

– Han er veldig sjølvstendig og er eit førebilete når det gjeld å setje i gang med trening og halde på regelmessig, seier dagleg leiar ved Actic Kristiansand, Kirill Oukhanev.

– Det som er veldig imponerande er at han gjer alt riktig med tanke på teknikk og hastigheit på øvingane. Det er veldig bra, seier han.

Nye tal frå helsedirektoratet viser at norske menn er blitt tyngre og vesentleg mindre aktive dei siste 15 åra.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Meiner folk er late

– Dersom eg berre hadde site unne hadde eg ikkje komme meg ut. Eg kjenner mange som sit inne i stolen og berre sit der. Det kunne også eg ha gjort, men eg vil ut. Eg vert meir opplagd og meir lystbetont, seier Edwood.

– Kvifor trur du det er så få på din alder som trenar?

– Eg trur det berre er latskap. Eg trur ikkje dei gidd, seier han etter å ha gjennomført dei ti øvingane sine.

– Det er barnemat dette, sier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,65 kr
Dyrest kl. 20 1,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 4,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %