NRK Meny
Normal

Endeleg Vipers-jubel

Vipers Kristiansand hadde ikkje vunne sidan 20. oktober då dei slo Glassverket 23-17 heime i Karusshallen laurdag ettermiddag.

Vipers Kristiansand

SIGER: Vipers slo Glassverket i eliteserien i handball laurdag.

Foto: Terje Sellevold/NRK

Vipers hadde stort sett kontroll på kampen og leia 13-8 ved pause. Også i andre omgang heldt eliteserieklubben fram det gode spelet og vann altså til slutt kampen.

Louise Pedersen vart toppscorar for kristiansandarane med seks mål i kampen. Med sigeren mot Glassverket ligg Vipers Kristiansand på 7. plass på tabellen med sju poeng.