Det er brot i forhandlingane mellom Norsk arbeidsmandsforbund og NHO Reiseliv om det som blir kalla fritids- og aktivitetsavtalen.
Forbundssekretær Terje Mikkelsen meiner tilsette i Dyreparken som er medlemmer i fagforeininga blir forskjellsbehandla i lønnsforhandlingane.
– Tilsette blir forskjellsbehandla
– Avtalen har eit eige bilag som skal regulere lønnsreglane for dei tilsette i Kristiansand dyrepark. Her har dei organiserte tilsette over tid blitt forskjellsbehandla ved at dei har fått dårlegare lønnsvilkår enn dei som er uorganisert. Dette er eit brot med det organiserte arbeidslivet og det kan vi ikkje akseptere, seier Mikkelsen på Arbeidsmandsforbundet sine eigne nettsider.
– Vi forventar at dette blei retta opp og kompensert i desse forhandlingane. Det har vi dessverre ikkje oppnådd, og må no be om hjelp frå Riksmeklaren, seier Mikkelsen til slutt.
Avisen KRS omtalte saken først.
Dyreparken-direktør Per Arnstein Aamot forstår ikkje kvifor dei fagorganiserte tilsette kjenner seg forskjellsbehandla.
Foto: NHO AgderKjenner seg ikkje igjen
Administrerande direktør i Dyreparken Per Arnstein Aamot meiner det ikkje stemmer.
– Det tilbodet som dei organiserte har fått gjennom forhandlingane mellom NHO og Arbeidsmandsforbundet er heilt likt som resten av tilsette i Dyreparken har fått og akseptert, seier Aamot.
– Så vi er litt overraska over at dei seier at det er forskjellsbehandling. For det opplever vi ikkje at det er.
Aamot seier oppgjeret til dei tilsette er på linje med det frontfaga har fått i år - og han håpar dyrepassarane vil akseptere dette.
Dyrepresentasjonane i Dyreparken kan bli ramma av ein eventuell streik.
Foto: DyreparkenKan ramme dyrepresentasjonar
Det er 30 dyrepassarar som er organiserte i Arbeidsmandsforbundet, og Aamot seier ein eventuell streik blant anna kan gå utover dyrepresentasjonar for publikum i parken.
– Dersom det skulle bli ein streik må vi jo ta mest omsyn til dyrevelferda. Så må vi klare oss så godt vi kan utover det. Men eg håpar jo det løyser seg og at vi kan unngå ein streik, seier Aamot.
Han seier det ytste konsekvens er dyrepresentasjonane som vil bli nedprioriterte, og dermed det dei besøkande vil merke noko til.
– Det viktigaste er at dyra får mat og stell.
Fritids- og aktivitetsavtalen omfattar forutan dyreparkar; bowlinghallar, badeanlegg og ei rekke andre fritidsanlegg.
To av gepardane i Dyreparken.
Foto: Hans Erik Weiby / NRKHei!
Har du tips eller innspill til andre saker vi på NRK Sørlandet burde sjekke ut? Send meg gjerne en e-post!