Hopp til innhold

Dette syns sørlendingane er greitt og teit

Det er teit å klemme første gang ein helsar. Det er greitt å speede på gult lys. Sjekk korleis sørlendingane stiller seg til ulike dilemma og sei di meining.

Greit eller teit?

Sei di meining om ulike tema i vår dilemmaspalte.

Foto: Illustrasjon: Tom-Richard Hanssen Olsen

I vår uhøgtidlege dilemmaspalte i Sørlandssendinga på radio kan vi no konkludere med kva sørlendingane meiner om ulike tema.

Til dømes julebrus. Er det greitt å drikke julebrus allereie i oktober? Nei, seier sørlendingane som har svart i radioappen NRK Radio.

– Teit. Julebrusen skal nytast i julemånaden desember. Alt før smakar av business, skreiv Øyvind Hillestad då vi utfordra lyttarar og lesarar til å komme med si meining om dette.

Her kan du lese fleire kommentarar om julebrus i oktober:

Les også Greitt eller teit: Innanfor å drikke julebrus i oktober?

Julebrus CB

Gi gass eller ikkje?

Eit anna tema som stadig dukkar opp, er om det er greitt å gi gass på gult lys.

Du sit bak rattet og nærmar deg lyskrysset. Du ser at det skiftar frå grønt til gult lys. Kva gjer du? Stoppar du eller gir du gass?

– Dette er eit tullespørsmål. Det kan vere greitt og det treng ikkje vere greitt. Som lastebilsjåfør med cirka 140.000 køyrde kilometer kvart år ser eg at det stort sett er mindre enn 10 prosent som klarer å lese trafikkbilete, skreiv Alf Edvin Stein.

Her kan du lese fleire kommentarar om å gi gass på gult lys:

Les også Greit eller teit å speede på gult lys?

Gult lys

Klemming? Greitt eller teit?

Du har heilt sikkert vore i situasjonar der du skal helse på nye menneske. Er det greitt å klemme første gang ein helsar på nokon?

Dette var eit anna spørsmål vi stilte lesarar og lyttarar i vår dilemmaspalte i Sørlandssendinga.

– Kan virke litt kleint kanskje, viss ein då ikkje har hatt kontakt på nokon som helst måte digitalt eller per telefon, skreiv Anne-Grethe Heier Aslaksen.

Her kan du lese fleire kommentarar om å klemme første gang ein helsar.

Les også Greit eller teit å klemme første gang man hilser?

To personar er i ferd med å kysse og sola skin gjennom

Kjefte på nokon du ikkje kjenner

Å kjefte på nokon du ikkje kjenner er også eit tema du kanskje har diskutert med andre før.

Her svarte 63 prosent av dei som stemte i NRK radioappen at det er teit.

– Kjefting har sjeldan vore ein effektiv metode for kommunikasjon. Med mindre eg er vitne til at ein person i nærleiken set eit anna menneskeliv i fare, skreiv Liam Nathaniel Tangmo.

Her kan du lese fleire kommentarar om å kjefte på nokon du ikkje kjenner.

Les også Å kjefte på nokon du ikkje kjenner

Kjeft illustrasjonsfoto

Sko og tåfis

Pleier du å ta av deg skoa når du er på lang flytur? Eller på toget? Eller er du ein av dei som irriterer deg over at andre gjer det?

58 prosent meiner det er greitt å ta av seg skoa på bussen, toget eller flyet.

– Så lenge ein ikkje slit med stinkande føter, er det ok om nokon tek av skoa, skreiv Eva Andersen då dette var tema.

Her kan du lese fleire kommentarar om dette:

Les også Greitt eller teit å ta av skoa på flyet, toget eller bussen?

Ta av sko

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,64 kr
Dyrest kl. 02 1,33 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %