Mannen skal ifølgje tiltalen ha forgripe seg seksuelt fleire gonger mot ei jente frå 1996 til 2000, fortel TV 2. Jenta skal da ha vore under ti år gammal.
Jenta, som i dag er i byrjinga av 20-åra, meldte mannen i fjor, og under etterforsking
av saka dukka det opp fleire meldingar mot mannen. Totalt har fem ulike kvinner meldt mannen for seksuelle overgrep, men fire av desse sakene er forelda.
Fleire av kvinnene vil likevel bli ført som vitne i straffesaka mot mannen, som startar i Kristiansand tingrett 26. februar.Mannen var tidlegare bussjåfør, og ifølgje fleire av kvinnene skal den første kontakten ha komme då dei reiste på hans ruter, fortel TV 2.
Statsadvokat Dennis Danielsen bekreftar at det er tatt ut tiltale mot mannen. Etter det TV 2 erfarer, nektar mannen straffskyld.