NRK Meny
Normal

Blir ØIF-trenar ut sesongen

Asle Gran blir hovudtrenar i ØIF Arendal ut denne sesongen. Spelarane vart informert måndag kveld.

David Svenningsen

Asle Gran skal trene David Svenningsen og resten av ØIF Arendal-mannskapet ut sesongen.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Danske Henrik Bastrup blir hjelpetrenar, skriv Agderposten.

– Det er ei avgjerd vi kan leve med. I første omgang tenker vi ut sesongen. Det vil seie fram til sesongavslutninga 26. mars, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen til avisa.

Leif Gautestad fekk sparken som trenar i klubben i desember. Sidan har ØIF Arendal vore på jakt etter erstattar.

Asle Gran tok over trenaransvaret mellombels. Han har ført laget til to sigrar etter at han tok over. Det har gjort at ØIF Arendal har klatra over nedrykksstreken.

Klubben jobbar no for å finne ein ny trenar for dei neste sesongane.