Beslagla 41 våpen ved tilfeldigheit

Politiet har beslaglagt 41 våpen i eit bustadhus i Kristiansand. Men det var heilt tilfeldig at våpena vart funne.

Våpenbeslag i Kristiansand

Politiet beslagla både hagler, rifler og revolverar.

Foto: Politiet

Politiet jobba nemleg med å etterforske eit biltjuveri. I samband med dette ville politiet ha litt meir informasjon frå bileigaren.

Våpenbeslag i Kristiansand

Det vart funne fleire våpen under ei madrass i huset.

Foto: Politiet

Det var Fædrelandsvennen som først skreiv om saka.

Då politiet trappa opp på døra til mannen vart dei møtt av ei kvinne som hevda at ho var i ferd med å bli banka opp av kjærasten sin.

Skarpladd revolver under madrass

– Vi tok oss inn i huset og arresterte mannen. Etterpå vart våpena funne, seier politiførstebetjent Øystein Jørgensen til NRK.

Mannen i 50-åra er sikta for brot på våpenlova, heleri og kroppskrenking mot kvinna.

Politiet fann mellom anna ein skarpladd revolver under ei madrass inne i huset. Elles vart det funne både rifler, hagler og pistolar. Det vart også funne mykje ammunisjon.

– Til no ser det ut til at 15 av våpena er brukbare. Resten ser vi på som samleobjekt, seier Jørgensen.

Var ikkje sikra

Kun ti av våpena var sikra etter forskriftene.

Ifølgje Fædrelandsvennen er ein pistol spora til eit våpentjuveri i Kristiansand i 2012. I denne saka er to menn tidlegare dømde for å ha truga til seg våpena som aldri vart funne.

I avhøyr har mannen erkjent å ha kjøpt pistolen av ein mann i Vest-Agder. Denne mannen vart pågripen tysdag. Der fann også politiet 11 våpen.

Våpenbeslag i Kristiansand

Nokre av våpna som vart funne.

Foto: Politiet