Hopp til innhold

Barnevernsbarn må i fengsel

Fire av dei fem barnevernsbarna som var tiltalt for ei rekkje ran er dømde til fengsel. Dei vart dømde for alle forholda dei var tiltalt for.

Tiltalt for ran på Sørlandet

FEGNSEL: Fire av dei fem tiltalte barnevernsbarna må i fengsel.

Foto: NRK

Gutane i alderen 15 til 20 år må i fengsel frå 1 år og 2 månader til 2 år.

Den femte er dømd til 412 timars samfunnsstraff.

I tillegg må dei betale til saman cirka 360 000 kroner i erstatning og oppreising.

Rana bank

Tre av barna rana blant anna ein tilsett ved Sparebanken Pluss på Rona i Kristiansand i juli i år.

– Gi meg pengane, elles drep eg dykk, sa guten som til slutt fekk med seg 42 000 kroner.

I tillegg rana tre av gutane ein buss i Kristiansand juli. Dei tre truga sjåføren med ein softgunpistol og ei jernstang og fekk med seg nesten 3500 kroner og nokre busskort.

Rana bensinstasjon

21. juni truga ein av gutane ein tilsett på ein bensinstasjon i Mandal med kniv. 15-åringen fekk med seg 100 kroner på ranet.

12. juli rana ein av ungdommane ein bensinstasjon i Kristiansand. Han fekk med seg 2000 kroner og ein sigarettpakke. På utsida stod ein av dei andre og heldt vakt.

19. juli stakk 16-åringen av med ein bil og køyrde rundt i kristiansandsområdet. Bilen vart blant anna nytta under ranet av Sparebanken Pluss på Rona i Kristiansand.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 0,85 kr
Dyrest kl. 08 1,73 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %