Hopp til innhold

Barna vil ikkje la seg avhøyre

Dei to jentene som vart bortført i Åmli måndag førre veke, vil ikkje snakke med politiet.

Bortføring Åmli

VIL IKKJE SNAKKE: Jentene som vart bortført i Åmli vil ikkje forklare seg til politiet. (Arkivfoto)

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

– Jentene er teke hand om og plassert i ein beredskapsheim hos barnevernet i Vestfold. Dei har ikkje ynskt å forklare seg i saka, seier politiadvokat Leif Aleksandersen til Agderposten.

Rett til å teie

– Vi skulle jo gjerne ha hatt deira versjon av opplevinga, men eg forstår jo at dei vil bruke retten sin til ikkje å la seg avhøyre. Det er ein rett dei har, seier Aleksandersen.

Det var måndag i førre veke at sju personar tok seg inn i huset deira på Åmli førre måndag. Far til jentene vart banka opp. Dei sju personane er sikta etter å ha teke med dei to jentene på 13 og 14 år.

LES OGSÅ: To jenter kidnappet
LES OGSÅ: Mora pågripen etter bortføring

– Eg sat her heime og plutseleg høyrer eg eit rabalder ute på verandaen. Eg høyrer nokon som tek i døra, og eg skvett opp av stolen. Eg snur meg, og då kjem det ein med ei stor øks rett mot meg sa faren til NRK.no.

Melde seg sjølv

Lenge var det uklart kvar jentene var. Dagen etter melde mora seg sjølv for politiet, og jentene vart teke hand om av barnevernet. Mora er sikta i saka.

– Mora er sikta for medverknad til legemskrenking og ulovleg inntrenging i barnefaren sitt hus. Dette har ho tilstått i avhøyr, men ho nektar straffeskuld, seier politiadvokaten.

LES OGSÅ: – Jeg så bare øksa komme
LES OGSÅ: Sju personer er siktet

– Ho vart første avhøyrt der ho nekta eikvar rolle i saka. Men etter å ha blitt fortalt kva dei andre sju sikta i saka hadde forklart, endra ho sjølv forklaring, seier han.

Sentral rolle

– Vi meiner no å ha danna oss eit godt bilete av opptakta til hendinga, der kvinna sine to barn vart henta heime hos far sin. Vi meiner kvinna har ei sentral rolle i dette, seier han.

Mor til dei to jentene er førebels ikkje sikta for bortføring av døtrene.

LES OGSÅ: Moren løslatt av politiet
LES OGSÅ: Moren kan ha forspilt sine sjanser

– Dette har vi ikkje teke stilling til. Vi greiar framleis ut moment rindt omsorgen til dei to barna i saka. Kva resultatet av dette blir, vil avgjere spørsmålet, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %