Hopp til innhold

Bakeri med 50 meter opningskø: – Vi steiker for harde livet

Sommarbakeriet er så populært at når det opnar dørene om morgonen, står det fleire titals menneske og ventar på fersk bakst.

Kø utenfor bakeriet Brød og vind på Sandøya i Tvedestrand.

Fleire kundar står i kø før opningstid ved bakeriet Brød og vind.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Når eg kikkar ut av vindauget tenkjer eg ofte «jøss, er det oss dei skal til», seier Tove Hage Aargaard.

Ho driv truleg det einaste bakeriet på Sørlandet som kan skilte med omtrent 50 meter kø kvar dag når dørene opnar.

«Brød og vind» ligg idyllisk til i skjergarden på Sandøya utanfor Tvedestrand.

Det har berre ope i sommarmånadene, tre dagar i veka.

– Det vil si at det er veldig mykje jobb i ein kort periode. Det er veldig intenst og lite søvn, men også veldig gøy, seier Aargaard.

Tove Hage Aargaard

Tove Hage Aargaard driv bakeriet Brød og Vind på Sandøya utanfor Tvedestrand.

Foto: Privat

Hektisk

Kor mange bollar Aargaard sel gjennom dagen er ho ikkje sikker på, men på ein sesong ryk det heile to tonn med kveitemjøl.

Kvar dag spør eg om det kjem til å komme nokon her. Dei tilsette berre ler av meg.

Dei første kundane kjem gjerne klokka 08.00, ein time før opningstid for å sikre seg bollar og brød direkte frå omnen.

Aargaard kan forsikre at dei har blitt ganske proffe, og som regel klarer å brødfø svoltne gjester.

Men det er berre så vidt, seier ho.

– Vi steiker for harde livet for å ha nok til dei som kjem.

Kvifor bakeriet er så populært trur ho er samansett.

– Det er mykje feriefolk her som vil kose seg litt ekstra, i tillegg til båtfolket ute på sjøen. Så håpar vi jo også det er fordi vi lagar gode bakevarer.

Kø utenfor Brød og vind på Sandøya.

Slik ser det ut utanfor bakeriet til Tove Hage Aargaard stort sett kvar dag dei held ope gjennom sommaren.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

Teken godt imot

Aargaard opna bakeriet i 2015, utan utdanning som baker. Men det har alltid vore ei interesse.

Ein tillitserklæring til eigaren er alle gjestane som kjem tilbake år etter år.

– At dei kjem tilbake vitne om at dei er fornøgde.

I opningssesongen famla bakeriet seg framover, men vart godt teke i mot, fortel ho.

– Det eg omsette for den første sesongen er det eg no omset på éi veke. Vi har utvikla oss, både ved å klare å lage meir og å leggje til rette for korleis ein kan få mest mogleg ut av det kjøkkenet vi har.

Råvarene er ho svært oppteken av. Derfor har Brød og vind eit økologisk kjøkken.

Likevel har det sjeldan vore ein tanke å profilere seg som økologisk.

Det med økologisk mat er viktig for meg. Då vel eg å gjere det uavhengig av kva andre tenkjer.

Begynner å bake rundt midnatt

Aargaard kjenner det er litt rart å snakke om populariteten til bakeriet, men er audmjuk for alle som ønskjer å kjøpe varene deira.

– Eg kjenner fallhøgda er stor om noko ikkje er heilt supert. Det kjennest ærefullt og skummelt på same tid.

Men i løpet av sommaren fortel ho at det er lite tid til å tenkje på alt dette.

– Eg rekk ikkje tenkje på det. Eg står opp i 00.30-tida og jobbar heile natta og heile dagen.

Aargaard ønskjer å skryte av dei som jobbar for henne og kjenner at det er motivasjon i å skape ein god arbeidsplass.

– Det er konstant 35 grader inne i bakeriet, så det å få ungdommar til å møte opp presis klokka 06.00 år etter år, må jo bety at dei har det hyggjeleg her. Det er viktig for meg.

Mona Rueness Tyri (f.v.), Pajaro Omang, Else Fridvold Schøning og Symre Johanne Aargaard jobber på for å levere bakevarer til Sandøyas gjester og beboere.

Mona Rueness Tyri (frå venstre), Pajaro Omang, Else Fridvold Schøning og Symre Johanne Aargaard jobbar på for å levere bakevarene til Brød og Vinds kundar.

Foto: Privat

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %