Hopp til innhold

Bombegruppa i Arendal: Har funne sprengstoff

Bombegruppa er på plass på Tromøy i Arendal etter det vart funne sprengstoff i eit hus.

Bombegruppa i Arendal

Politiet evakuerer no dei næraste naboane.

Foto: Espen Bierud / NRK

Rundt klokka 12 starta arbeidet med å evakuere folk i dei fire næraste husa.

Politiet stadfestar at det er gjort funn av «ikkje ubetydelege mengder sprengstoff». Truleg dreier det seg om dynamitt.

Politiet opplyser til NRK at dei reknar med å få fjerna dette i løpet av ettermiddagen. Det betyr at dei som er evakuerte truleg kan flytte heim i løpet av ettermiddagen eller kvelden.

Bakgrunnen for det heile er at ein bil med fire personar vart stoppa i arendalsområdet natt til onsdag.

Føraren var mistenkt for ruskøyring og det vart funne eit våpen i bilen.

Ingen av dei fire, ei kvinne og tre menn, ville vedkjenne seg våpenet. Det førte til at fleire hus vart ransaka.

Fleire av personane er kjent for politiet frå før. Alle dei fire er framleis pågripne.

Politiet vil ikkje gå ut med meir informasjon om dei arresterte.

– Det er for tidleg å sei om dei vil bli framstilt for varetektsfengsling, seier Helge Torsvik ved Arendal politistasjon.

Han kjenner ikkje til om PST er orientert om saka.

Bombegruppa i Arendal
Foto: Espen Bierud / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %