Søndag ettermiddag tapte Amazon Grimstad 0-3 mot Arna-Bjørnar heime på Levermyr stadion.
– Vi er i ein tøff situasjon. Vi ynskte oss tre poeng, men samstundes gjer vi ein god kamp. Det er mykje positivt å ta med vidare, seier assistenttrenar Jahn Robert Holmgren til NRK.
Kvalik eller nedrykk
Søndagens tap betyr at laget ikkje har moglegheit til å hente inn Medkila som ligg på sikker plass. Amazon Grimstad ligg sju poeng bak Harstad-klubben med to serierunder att. Harstad er motstandar på bortebane neste helg.
Sørlendingane kjempar no med Grand Bodø om å unngå direkte nedrykk til 1. divisjon. Amazon Grimstad møter nettopp Grand Bodø i siste serierunde heime på Levermyr.
– Det ser ut til å bli ein nøkkelkamp. Slik det er no kan det bli ein slags finale for oss. Men vi reiser til Harstad neste helg med håp om tre poeng. Vi kan sikre kvaliken allereie neste helg, og det er målet, seier Holmgren.
Toppserieklubben frå Grimstad har hatt ein elendig sesong der dei kun har vunne to av 20 seriekampar. I tillegg har dei kun scora fattige 12 mål.
Sjå intervju med assistenttrenar Jahn Robert Holmgren etter tapet for Arna-Bjørnar.
– Veit kva som står på spel
Førre sesong måtte klubben ut i kvalifisering om framleis spel i Toppserien. Der slo dei til slutt Sarpsborg 08 over to kampar.
– Vi har vore i denne situasjonen før og veit kva som står på spel. Dersom ein går og fryktar og er redd for ting kjem ein ikkje vidare. Vi må ta kvar kamp for seg sjølv og prøve å ta poeng. Så får vi sjå kvar det endar, seier assistenttrenaren.
Holmgren meiner at Amazon Grimstad har utvikla seg trass i at dei på nytt kjempar om å unngå nedrykk.
– Vi har utvikla oss spelemessig. Vi har fått frå å slå langt til å spele mykje meir posessionbasert fotball. Så er det nokre ting vi ikkje har vore gode nok på. Mot Arna-Bjørnar ser vi at vi er for dårleg i begge boksane. Det straffar seg, seier han.