Hopp til innhold

– Vi har ikkje sjans mot den svarte vedmarknaden

Vedprodusentar vurderer å leggje ned på grunn av svart sal og billeg importved. Styresmaktene seier det er vanskeleg å kontrollere den svarte marknaden.

Sivert W. Svane

KRITISK: Sivert W. Svane trur fleire vedprodusentar kan komme til å leggje ned på grunn av konkurranse mot den svarte marknaden.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi som ynskjer å vere lovlydige klarar ikkje å konkurrere mot den svarte marknaden. Den består av mange småprodusentar, hevdar vedprodusent Sivert W. Svane til NRK.no.

– Såpass mange at ein ikkje klarar å fange opp dei store massane, legg han til.

Han står på produksjonsområdet sitt på Nevisdal utanfor Arendal. Vedprodusenten omringa av trestokkar og hundrevis av vedpallar som står klar til å gjere nytte i vinterkalde hus.

Han har på seg slitte arbeidsklede etter årevis med hardt arbeid i skogen. Men blodslitet kan no gå mot slutten.

– Kan like godt levere aviser

– Vi skal produsere og selje etter norsk standard sine normer, som er det same som om vi sel mjølk eller brød. Det blir veldig vanskeleg når vi har andre aktørar som ikkje bryr seg om normene, HMS eller moms og skatt. Det seier seg sjølv at det blir vanskeleg, seier han.

– Eg har vurdert å trappe godt ned, legg han til.

Tre sauer breker i bakgrunnen. Svane fortel at dei skal sendast til slakt, men han ventar litt for å få ein betre pris. Han er bonde i tillegg til vedprodusent.

Svane plukkar opp ein vedkubbe som har falle ut av ein palle og snakkar vidare. Han peikar på at billeg importved gjer konkurransesituasjonen ekstra vanskeleg for norske vedprodusentar.

– Dei vert frakta tollfritt inn i Norge. Så dumpar dei prisane. Det er ikkje moro lenger. Eg kan like godt byrje å levere aviser, seier Svane.

Ein palle med ved, som inneheld 1000 liter ved, kostar rundt 900 kroner. På den svarte marknaden kan du få kjøpt den same pallen ned mot halvparten av prisen.

Sivert W. Svane

LAGER: Sivert W. Svane har mykje ved på lager. - Eg håpar salet tek seg opp, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Får inn «svarte» tips

Skatteetaten har ikkje særleg kjennskap til svart vedsal spesifikt. For fleire år tilbake gjorde Skatteetaten kontroll av vedsalet. Då vart fleire vedseljarar avslørt.

Karl Olav Valen, Skatt Sør

FÅR TIPS: Karl Olav Valen i Skatteetaten seier at dei får inn tips om svart vedsal.

Foto: Jan Inge Thomassen/NRK

– Vi trur det har ei viss utbreiing. Ein del mindre produsentar fell nok for freistinga å selje svart, seier Karl Olav Valen i Skatt Sør til NRK.no.

– Det kjem inn tips på vedsal. Alt vi får inn går gjennom ei vurdering om det gir grunnlag for kontroll, seier Valen.

Valen seier også at dei kontinuerleg driv kontroll.

– Vi prøver å skape rettferdige konkurransevilkår. Det er formålet i våre kontrollar, å luke ut tilfelle av konkurransevridande aktivitet, seier han.

– Kva reaksjonar kan ein få dersom ein blir teken for svart vedsal?

– Ein vente seg etterrekning av skatt og moms og i grove tilfelle også melding til politiet, seier han.

– Kjenner ikkje omfanget

Avdelingsdirektør Ivar Ekanger i landbruks- og matdepartementet seier at også dei kjenner til svart vedsal.

– Det er noko vi høyrer om. Men vi kjenner ikkje særleg til i kort stort omfang det er snakk om, seier han.

Ekanger er heller ikkje einig med Svane i at store kjedar dumpar prisane på importved.

– Mange av dei store kjedane importerte mykje ved i fjor og har hatt mykje ved liggjande for dårleg lagra. Dermed har veden fått redusert kvalitet. Då må ein også redusere prisen, seier han.

Frå 2010 til 2011 vart det importert 190 726 fastkubikkmeter ved. Tal frå første halvår i år viser ein kraftig nedgang i import av ved. Frå januar til juni i år var nedgangen på heile 76 prosent.

– Førre vinter var mild og alle som har vedomn fyrte mindre. Det er vel først og fremst fordi det vart importert for mykje i fjor, slik at vi ikkje trengde å etterfylle lagra, seier Ekanger.

Dyrt å produsere

Atle Gjesdal

ARTIG: Atle Gjesdal ved vedkløyvaren på Biva på Birkeland. - Å kløyve ved er kjempemorro, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Torunn Stalleland Austefjord sjekkar fuktgraden på veden i produksjonshallen på Birkeland i Aust-Agder. Ho stikk måleinstrumentet midt inn i vedkubben. Fuktmålaren lyser.

– Denne er perfekt. 13-14 prosent fukt. Den er klar for levering, seier ho.

Austefjord jobbar hos bedrifta Biva som blant anna produserer ved. Bedrifta gir arbeid til uføretrygda personar. No står 1300 pallar med ved klar til utkøyring. Så langt har pågangen vore liten. Likevel er dei i full gang med lasting av ved som skal bringast til kjøparar.

Utanfor jobbar fleire med både saging, kløyving og pakking av veden. Pallane er stabla i høgda for å få plass til alt. No håpar ho å bli kvitt det meste. Men i tillegg til svart sal, merkar også dei konkurransen med importveden.

– Det kjem mykje billeg ved inn i landet. Det er ikkje noko greit for oss. Det kostar å produsere norsk kvalitetsved, seier Austefjord og tek ein slurk frå kaffikoppen i møterommet.

– Vi har diskutert å leggje ned veddrifta. Vi ser det tydeleg i rekneskapa våre, det er ikkje big business, seier ho.

– Vi slit med å selje veden, antakeleg fordi det har komme veldig mange aktørar på bana. Samstundes er straumprisane veldig låge og ein mild vinter sist år, seier avdelingsleiar ved Biva, Grete Muren.

Torunn Stalleland Austefjord

KONTROLL: Torunn Stalleland Austefjord kontrollerer om veden er tørr nok til å seljast.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Tufte: – Vanskeleg å stoppe

Tidlegare olympisk meister i roing og bonde Olaf Tufte driv også vedproduksjon. Han har delteke i VM i tømmerhogging. Men kraftkaren frå Tønsberg vil ikkje bruke energi på å uroe seg over svart vedsal. Tufte sit i bilen når vi ringjer han.

– Det er vel som i alle andre bransjar. Det er nok vanskeleg å stoppe. Vi må heller jobbe for å utkonkurrere dei andre på god kvalitet og service, seier Tufte til NRK.no.

– Sjølv baserer eg meg mykje på ein fast kundekrets, seier han.

Tufte frårår folk å kjøpe ved i daglegvarebutikkane og rår dei til å kjøpe større mengder når ein først skal kjøpe ved.

– Det er jo grisedyrt i forhold til kvantum du får. Det er dobbel pris. Dei som er litt oppegåande planlegg litt lenger fram enn akkurat her og no, seier han.

Olaf Tufte i traktoren

BONDE: Olaf Tufte jobbar som bonde og sel ved i tillegg til å drive toppidrett.

Foto: Alf Øystein Støtvig /VG/NTB / VG

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at vi fyrer meir enn tidlegare. I 2010 var det samla vedforbruket 12 prosent høgare enn året før. Statisikken viser blant anna at vedforbruket er langt mindre i dei store byane enn på landet.

I Oslo, med over ein halv million innbyggjarar, var det samla vedforbruket på 47,7 tonn i 2010. Samanlikna med Sogn og Fjordane, der det bur litt over 100 000, var det totale vedforbuket på 48 tonn.

Det har også vore ei kraftig auke i talet på husstandar med varmepumpe. I 2009 hadde over 18 prosent av husstandane installert varmepumpe. I 2004 var det berre fire prosent av husstandane som hadde varmepumpe.

Vedforbruk i hushaldningar i 2010 (tonn) - Kjelde: SSB

Fylke

Vedforbruk

Østfold

82,5

Akershus

118,8

Oslo

47,7

Hedmark

105,0

Oppland

90,6

Buskerud

96,3

Vestfold

75,7

Telemark

70,4

Aust-Agder

46,7

Vest-Agder

55,0

Rogaland

108,1

Hordaland

104,6

Sogn og Fjordane

48,0

Møre og Romsdal

102,9

Sør-Trøndelag

107,2

Nord-Trøndelag

68,7

Nordland

83,9

Troms

56,5

Finnmark

19,3

Totalt

1487,9

Ekspander/minimer faktaboks

– Be om kvittering

Tilbake i Nevisdal i Arendal er Sivert W. Svane i ferd med å fylle ein ny palle med vedkubbar. Veden som vart hogd for over eit halvt år sidan er tørr nok til å seljast i haust.

Han bøyer seg ned i dungen som tel fleire hundre kløyvde vedkubbar medan han snakkar.

Sivert W. Svane

- BE OM KVITTERING: Vedprodusent Sivert W. Svane ber folk om å be om kvittering neste gang dei kjøpe ved.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg er oppteken av at vi skal konkurrere på like premiss. Det lettaste er å be om kvittering, seier han.

No ber han folk vere ekstra på vakt mot svart vedsal.

– Dersom ikkje veden er av den kvaliteten du ventar nyttar det ikkje å klage. Du kan ikkje gå til Forbrukerrådet utan kvittering, seier Svane.

– Det einaste ein gjer om ein ynskjer å kjøpe billegast mogleg ved, for å spare nokre kroner, er å bite seg sjølv i halen, seier han.

– Det er kanskje veldig bra i nokre år. Plutseleg er det bom stopp, dersom dei seriøse vedprodusentane har lagt ned vil prisane stige til værs. Det er kunden sjølv som er med på å velje dette, seier vedprodusenten.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %