Hopp til innhold

Ny metode skal sikre deg rett mengde tørr ved

Forsking skal gjere det lettare å vere vedkunde. Vedbuda i Jølster er ein av fem i landet som er med på eit nytt prosjekt.

Erik Nilsen

VEDPRODUSENT: Erik Nilsen har mykje ved klar for haustsalet.

Foto: Birger Meland / NRK

Vedprodusent Erik Nilsen er plukka ut til å delta på eit forskingsprosjekt som Norsk Institutt for skog og landskap står bak.

Nilsen ser ikkje på dette som ein kontroll av salsleddet.

– Eg tykkjer dette er veldig fint. No får vi ein skikkeleg kontroll og vi veit kva vi sel. Kundane får det som er rett og det er veldig viktig. Med den nye metoden, kan vi finne både volum og fukt i veden på ein skikkeleg måte, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ved

VEKT: Her blir veden målt på ei spesialvekt.

Foto: Birger Meland / NRK

Kan kjøpe ved i kWh

Vedprodusenten i Jølster har 4000 sekker som ligg klare for sal til hausten. Han seier prosjektet skal gjere det lettare å vere vedkunde.

– Dette skal føre til ein enklare måte å omsetje ved på. Det skal vere lettare å få rett mengde ved, seier han.

I dag har han hatt besøk av forskarane som har vege og funne volumet på veden.

– Dei kjem tilbake til hausten for å kontrollere dei sekkene ein gong til, seier han.

Eit av måla er å finne ein betre måte å selje ved på. No blir veden seld i liter eller mål, og mange kan nok bli forvirra over alle dei forskjellige storleikane som finst.

– I dag er det eit stort samansurium. Når dette prosjektet er over, kan du kanskje heller kjøpe ved for eit visst tal kilowatt-timar. Kanskje blir det slik at du seier du vil ha ved som tilsvarar til dømes 7000 kWh. Poenget er å få ein lettvint måte å få ved på og ikkje minst sikre kunden tørr ved.

(Artikkelen held fram under biletet)

John Edgar Sundby, Eirik Nordhagen og Erik Nilsen

SJEKKAR VEDEN: John Edgar Sundby, Eirik Nordhagen (ansvarleg for prosjektet) og Erik Nilsen.

Foto: Birger Meland / NRK

Kjend fysikk

Avdelingsingeniør Eirik Nordhagen leiar prosjektet. Slik forklarar han korleis dei kjem fram til brennverdien på ein sekk med ved.

– For det første veg vi sekkene og vinn kor mange kilo den veg. Deretter måler vi volumet og det gjer vi ved å dyppe sekken i vatn. Vi held oss til norsk standard på ved og målemetoden er kjend fysikk. Vi måler vekt, volum og fukt.

– Så det er på ein måte å måle forbruk i sekken?

– Det er rett, du kan samanlikne det med straumforbruket ditt i kWh.

Bjørk er mest populært

Dei fem vedprodusentane er plukka ut frå fem landsdelar, men Nordhagen trur ikkje der er skilnad på veden ut frå kvar i landet den er.

– Kva er best å fyre med?

– Eg veit at bjørk er populært, men stort sett er det same brennverdi, eller energi, i alle treslaga per kilo.

Gler seg til resultatet

Om eit par år håper Nordhagen at dei har klar ein rapport om prosjektet. Erik Nilsen må også vente på resultatet, men han trur veden hans held kvaliteten han sjølv har funne ut. Han er difor ikkje så veldig spent på fasiten som forskarane kjem fram til.

– Men eg vil gjerne ha resultatet. Eg har mistanke om at nokre sekker er betre enn andre. Det kan bli moro å sjå om det stemmer.

Om to år vil altså resultatet ligge føre og vi som forbrukarar vil då få vite kor mykje straum i kWh som ligg i veden vi kjøper.

– Enkelte vedseljar kranglar om kven som har den beste veden. Blir det slutt på dette no?

– Nei, det trur eg ikkje. ler han. Men vi må jo byrje ein stad, seier prosjektleiar Eirik Nordhagen.

Ein gammal varmtvannstank vert nytta til ”vedbad

MÅLER VOLUM: Ein gammal varmtvannstank vert nytta til 'vedbad'.

Foto: Birger Meland / NRK