Hopp til innhold

– Vi blir tvunge til kommunesamanslåing

Ordførarane i Bykle og Iveland føler at dei vert tvunge til å slå seg saman med nabokommunane. Bakgrunnen er kommunalministeren si framlegging av kommunereforma onsdag.

Gro Anita Mykjåland

Gro Anita Mykjåland tolkar kommunalministeren slik at kommunar kan bli slegne saman med tvang.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Frivillegheit har vorte løfta opp heile vegen. Sanner har sagt at dette skal vere ein frivillig reform som skal komme frå grasrota. Vi ser no at det er frivillegheit, men at det ligg ein veldig sterk grad av tvang bak. Det tykkjer eg er sterkt beklageleg, seier Iveland-ordførar Gro Anita Mykjåland til NRK.

Då statsråden orienterte om kommunereforma på ein pressekonferanse onsdag la han mellom anna vekt på at ingen enkeltkommunar kan stoppe ei kommunesamanslåing.

– Skjer for raskt

– Det er eit viktig utgangspunkt for reforma at den skal byggje på frivillegheit. Men vi har også sagt at ingen enkeltkommunar skal kunne stoppe ei kommunesamanslåing der det er ynskjeleg at fleire kommunar går saman, sa kommunalminister Jan Tore Sanner.

Han sa også at kommunar som gjer kommunestyrevedtak på samanslåing i løpet av hausten 2015 vil bli vedteke slegne saman av Kongen i statsråd innan sommaren 2016. Desse samanslåingane vil tre i kraft 1. januar 2018.

– Dette er altfor raskt. Dette er noko som krev utgreiing. Det håpar eg statsråden forstår. Vi må sjå på kva oppgåver vi har, kva framtidige oppgåver vi vil få, så må vi ta utgangspunkt i det, seier Mykjåland.

Blir premiert ved samanslåing

Kommunalminister Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner presenterte onsdag kommunereformen på en pressekonferanse.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Også ordførar i Bykle Jon Rolf Næss fryktar at kommunar vil bli slegne saman med tvang.

– No er det klart at dei kjem til å tvangssamanslå kommunar om ikkje kommunane føyer seg etter det Sanner krev. Det er det vi må forholde oss til no, seier Næss.

– Dei som held seg passivt til dette, eller ikkje går inn aktivt og sonderer og etter kvart slår seg saman, vil bli slått saman med tvang, trur Næss.

Kommunalministeren fortalde mellom anna at kommunar som slår seg saman vil bli premiert økonomisk.

Regjeringa vil også auke eingangstilskotet som kommunane skal få for å kompensere for utgiftene som er knytt til samanslåing. Det kan til dømes vere datasystem og nye bygningar.

Droppar krav om 15 000 innbyggjarar

I mars konkluderte eit ekspertutval med at alle kommunar i framtida bør ha minst 15 000 innbyggjarar. Det avviser kommunalministeren at vil skje.

– Vi kjem ikkje til å stille eit slikt krav. Vi er opptekne av at kommunereforma skal ta omsyn til geografien vår. Vi har kommunar som har stort areal og få innbyggjarar, og vi har andre kommunar med lite areal, men mange innbyggjarar. Vi må gå inn for å finne romslege løysingar, sa han.

Det er både Gro Anita Mykjåland glad for.

– Eg er glad for at statsråden har fått ei realitetsorientering rundt det. Med geografien i dette landet går det ikkje an å setje eit minimumstal på antal innbyggjarar, seier Mykjåland.

Fylkesmennene skal nå lede prosessen som skal føre til færre og større kommuner på Agder. Regjeringen ønsker frivillighet, men ser ikke bort fra å bruke tvang.

Førsteamanuensis Dag Ingvar Jacobsen kommenterer Sanners utspill.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %