Hopp til innhold

No bør du vere ekstra på vakt mot pipebrann

Brannvesenet reknar med mellom 15 000 og 30 000 pipebrannar i løpet av vinteren. No ber dei folk passe på medan dei fyrer for å varme opp huset.

Pipebrann

BRANNFARE: Brannvesenet i Kristiansand ber folk vere på vakt mot pipebrann.

Foto: Tor Andre Johannessen / NRK

– Av bygningsbrannar i fyringsperioden veit vi at 30 prosent er relatert til brann som har starta i pipeløpet. Desse brannane kan spreie seg, seier Hans Arne Madsen ved brannstasjonen i Kristiansand til NRK.no.

På landsbasis rykkjer brannvesenet i snitt ut til 3000 pipebrannar i løpet av vinteren. Men mørketala er store.

Brannvesenet reknar med at opp mot 30 000 kan bli utsett for pipebrann i løpet av vinteren.

Fyr med tørr ved

– Mange av pipebrannane blir aldri varsla fordi huseigar ikkje sjølv er klar over at det har vore ein brann, seier han.

Med ein kuldeperiode fleire stader i landet åtvarar brannvesenet huseigarar mot pipebrann. Det er fleire ting ein kan gjere for å førebyggje ein pipebrann.

– Det er viktig å fyre med tørr og god ved, slik at du unngår sotavleiring i pipa. Det er dette som tek fyr når det får lov til å setje seg i pipeløpet, seier Madsen.

– Det er òg viktig å ha god avstand frå pipeløpet til brennbart materiale. Så gjeld det å følgje med gjennom heile vinteren, seier han.

Madsen påpeikar også at mange faktisk har for stor omn heime i stova, som varmar meir enn naudsynt.

Hans Arne Madsen

Hans Arne Madsen i brannvesenet i Kristiansand.

Foto: Lars Eie / NRK

– Dropp lause omnar

– Då skrur dei gjerne ned trekken i håp om at det skal bli mindre varme frå ovnen. Det er ikkje lurt, seier han.

I tillegg til vedfyring ber han folk vere på vakt når det gjeld elektrisk fyring.

– Det er lurt å bruke omnar som er fastmonterte med god avstand til gardiner og andre brennbare gjenstandar, seier han.

– Lause omnar må gjerne brukast, men som ei sekundær oppvarmingskjelde når du er i rommet. Vi veit at dei er meir utsett for slag, flytting og husdyr, som kan velte dei. Difor er det viktig å vere til stades, seier Madsen.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %