Hopp til innhold

– Vår sterkaste bortekamp i år

Start slo Bryne 3-0 på bortebane i 1. divisjon. Laget har heile ni poeng å gå på i forhold til kvalifisering.

Espen Hoff

SOLID: Espen Hoff meiner Start leverte ein solid kamp mot Bryne.

Foto: Lars Erik Larsen / NRK

– Det er veldig sterkt. Vi leverte ein av våre sterkaste bortekampar i år. Defensivt var vi botnsolide og vi scora mål på over halvparten av sjansane våre. Det var solid i alle ledd, seier Espen Hoff til NRK.no.

Nøkkelkampar

Hoff stod sjølv for 2-0 scoringa på Jæren. Med ein ny bortesiger ser det særs lyst ut med tanke på eliteseriespel neste sesong.

– Vi har sett oss sjølve i ein veldig gunstig situasjon. Vi tek ein solid trepoengar, men vi veit at vi treng endå fleire poeng for å vere heilt trygge, seier han.

Neste helg møter Start opprykksrival Mjøndalen heime på Sør Arena. Samstundes møtest Sarpsborg 08 og Sandefjord i Østfold.

– Føler oss gode

– Desse kampane vil avgjere korleis det vil sjå ut i serieinnspurten, seier angrepsspelaren.

Hoff kjenner ikkje noko meir press no enn tidlegare i sesongen.

– Nei, vi er veldig nøgde med det vi har oppnådd så langt og er stinne av sjølvtillit. Vi leiar tabellen og det set oss i ein fin-fin posisjon. Vi føler ikkje press og vi føler oss gode, seier han.

Opprykkskampen i 1. divisjon

Lag

K

V

U

T

Målskilnad

Poeng

1. Start

24

16

6

2

61-27

54

2. Sarpsborg 08

23

14

5

4

54-32

47

3. Sandefjord

24

13

6

5

37-27

45

4. Mjøndalen

24

13

6

5

39-31

45

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %