Det var Bryne som kom best i gang på Jæren. Rogalendingane hadde fleire store sjansar i opningsminutta, men klarte ikkje å omsettje sjansane i mål.
I staden var det serieleiaren frå Sørlandet som skulle opne målkontoen. Solomon Owello gav dei gulkledde leiinga etter 26 minutt. Dermed gjekk Start til pause med 1-0 i målprotokollen.
Kontrollerte
I andre omgang dobla Espen Hoff leiinga til 2-0. Serieleiaren hadde stort sett full kontroll på Bryne.
Berre ti minutt seinare var Start frampå igjen. Matthias Vilhjalmsson putta sitt 16. mål for sesongen og sende bortelaget i leiinga 3-0, som også vart sluttresultatet.
Dermed sikra Start ni poeng ned til Mjøndalen. Ned til Sarpsborg 08, som ligg på kvalifiseringsplass er det ti poeng før østfoldingane skal ut på nettopp Mjøndalen i toppoppgjer seinare søndag.
Kampfakta:
Bryne - Start 0-3 (0-1)
Bryne stadion
0-1 Solomon Owello (26)
0-2 Espen Hoff (62)
0-3 Matthias Vilhjalmsson (72)
Start (4-4-2): Arild Østbø - Steinar Pedersen, Glenn Andersen, Jesper Mathisen, Rolf Daniel Vikstøl - Ernest Asante, Sondre Tronstad, Solomon Owello, Espen Børufsen - Espen Hoff - Matthias Vilhjalmsson