Hopp til innhold

– Tragisk at partivener kranglar

Fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden, meiner bråket i Arendal Arbeiderparti er dårleg for partiet.

Laila Øygarden

STØTTAR ROLSTAD LARSEN: Fylkesordførar i Aust-Agder, Laila Øygarden (Ap), støttar arendalsordførar Torill Rolstad Larsen og trur ho klarar å leie partiet i eitt år til.

Foto: NRK/Svein Sundsdal

Torill Rolstad Larsen

Torill Rolstad Larsen (Ap)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Tellef Inge Mørland (Ap)

Tellef Inge Mørland (Ap)

Foto: Svein Sundsdal / NRK
– Eg må seie at det er tragisk at partivener kranglar offentleg i media. Det likar eg ikkje. Ein burde ha vore meir open på eit tidlegare tidspunkt enn no, om både politiske saker og om prosessen, seier Øygarden til NRK.no.

Vart vraka av sine eigne

Bakgrunnen for bråket er at Torill Rolstad Larsen vart vraka av valkomiteen i Arendal Arbeiderparti til å bli fylkesordførarkandidat. I staden gjekk lokalpartiet inn for Tellef Inge Mørland frå Åmli. Dette skjedde medan Rolstad Larsen sjølv var i ultandet.

I tillegg har Rolstad Larsen blitt kritisert for dårleg leiarskap. I går kom meldinga om at Rolstad Larsen vurderer å melde seg ut av partiet når ho sluttar som ordførar neste haust.

Men Øygarden trur Rolstad Larsen har autoritet nok til å styre Arendal på ein god måte det neste året.

Glad i byen sin

– Ja, det har ho. No skal du hugse at Torill er i ein vanskeleg situasjon, for ho har heller ikkje noko fleirtal bak seg i bystyret, så ho må vere ein samarbeidsordførar for å nå fram dette året, og det greier ho, seier Øygarden.

– Eg har sjølv snakka med Torill og veit at ho går på med full innsats for Arendal. Ho er veldig glad i byen sin og kjem til å gjere det beste ut av det, meiner fylkesordføraren.

Det har blitt peika på at det fins ein ukultur i Arendal Arbeiderparti. Det kjenner ikkje Øygarden seg att i.

Ukultur i partiet

– Eg har ikkje opplevd at det er pill roten kultur i Arendal. Men no må eg vedgå at eg ikkje har fått vere der nok. Ofte må eg ta meg av den fylkeskommunale biten og held meg til fylkespartiet. Så eg skal ikkje seie verken ja eller nei, men eg har ikkje oppfatta det, seier ho.

– Eg trur uansett ikkje at det er så mykje ukultur at det ikkje går å rette på. Eg trur at løysinga er å prate saman. Det er alltid fornuftig, seier ho.

– Er Torill Rolstad Larsen ein god ordførar, har ho gjort ein god jobb?

– Du skal ikkje be meg om å kommentere kollegaen min. Det tykkjer eg vert feil. men eg tykkjer at denne gangen kjem det fram berre negative sider, medan alle dei positive sidene som har blitt gjort i Arendal dei siste åra berre blir lagt til side, seier Øygarden.

Støtta Mørland

Sjølv har Øygarden støtta Tellef Inge Mørland som fylkesordførarkandidat.

– Eg følte Torill kom veldig seint på bana. Før ho kom på bana hadde eg gått ut og sagt at eg ikkje såg nokon annan kandidat enn Tellef Inge Mørland, seier ho.

I løpet av dagen vert partisekretær i Arbeiderpartiet, Raymond Johansen, orientert om uroen i Arendal Arbeiderparti. Det vart og halde eit ekstraordinært styremøte i partiet i Arendal. Der skal striden rundt Rolstad Larsen diskuterast.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %