Hopp til innhold

– Vi må støtte Rolstad Larsen

Varaordførar i Arendal, Tormod Vågsnes (KrF), ber heile bystyret om å støtte ordførar Torill Rolstad Larsen.

Tormod Vågsnes og Torill Rolstad Larsen

STØTTE: Varaordførar i Arendal, Tormod Vågsnes, ber bystyret støtte opp om ordførar Torill Rolstad Larsen. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Torill Rolstad Larsen

Torill Rolstad Larsen (Ap)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Tormod Vågsnes

Tormod Vågsnes (KrF)

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Einar Halvorsen

Einar Halvorsen (H)

Foto: Svein Sundsdal / NRK
– Det er viktig å vere klar over at Rolstad Larsen skal vere ordførar i eitt år til. Ho skal vere ordførar for heile bystyret i Arendal. Difor er det viktig at vi no støttar henne, seier Vågsnes til NRK.no.

Melde seg ut

Måndag morgon kom det fram at Rolstad Larsen vurderer å melde seg ut av Arbeiderpartiet når ho sluttar som ordførar om eitt år. Ho er blant anna oppgitt over behandlinga ho fekk då ho i førre veke vart vraka som fylkesordførarkandidat medan ho sjølv var i Kina.

– Vi står føre veldig mange viktige og krevjande budsjett. Vi har mange viktige saker og det er viktig at ho beheld autoriteten ut resten av ordførarperioden. Det ynskjer eg at vi skal bidra til alle saman. Då har vi eit ansvar heile bystyret, seier han.

Rolstad Larsen har blant anna fått kritikk for dårleg leiarskap.

– Krevjande

– Ho har kanskje ikkje vore like flink alltid til å ha ryggdekning i eigne rekkjer og halde saman. Eg ser jo at det er veldig krevjande for eit så stort parti. Då kan det hende ein burde ha brukt meir energi, men det er lett for meg å seie, seier vararordføraren.

Tidlegare i dag vart det også klart at Ole Tom Tjuslia melder seg ut av Arbeiderpartiet. Fredag gjorde Tove Skyttemyr det same.

– Er bystyret i ferd med å gå i oppløysing, eller i alle fall Arbeiderpartiet?

– Ja, vi ser jo eit bystyre som det vert krevjande å handtere framover. Vi har som sagt eit ansvar alle saman, alle 39 representantane. Difor oppfordrar eg alle til å gi ordføraren autoriteten ho må ha til å styre denne skuta dei siste ti-elleve månadene, seier han.

Aust-Agder Ap inn i striden

Aust-Agder Arbeiderparti grip no inn i striden rundt ordføraren. Etter det NRK erfarer, vert det no gjennomført møter med partane med sikte på å finne ei løysing på den betente striden.

Men fylkesleiar Inger Løite vil kun seie dette om kva som no skjer.

– Vi er i dialog med Arendal Arbeiderparti for å finne ut av det som skjer, seier ho.

– Det som skjer er frykteleg sørgeleg og leit, det skadar alle involverte. Det kan ikkje komme noko godt ut av dette, seier Løite.

Når det gjeld sjølve nominasjonsprosessen til fylket, som har utløyst striden, meiner ho imidlertid at alt har føregått korrekt.

– Reglane er fulgt, også tidsfristane, slår ho fast.

Støtte frå Høgre-leiar

Gruppeleiar i Høgre i Arendal, Einar Halvorsen, meiner Rolstad Larsen har blitt behandla dårleg. Han likar dårleg medieoppslaga rundt vrakinga av Rolstad Larsen - utan av ho visste noko om vrakinga på førehand.

– Dei siste dagars oppslag viser at ho nærast har blitt latterleggjort av eige parti føre opa scene. Ei så dårleg og lite profesjonell handling skal ein leite lenge etter, skriv han i eit pressemelding.

– Arendal Arbeiderparti kunne ha venta til ho kom heim frå reise, eller i det minste burde nokon i Arendal Arbeiderparti ha signalisert at ho ville komme til å bli ein kontroversiell kandiat, når partiet skulle utarbeide førslag til nominasjonsliste til fylkestinget, skriv han.

Han meiner kritikkken som har blitt retta mot Rolstad Larsen er merkeleg.

«Skjult agenda»

– Her er det openbart noko anna som ligg bak eller som ho sjølv seier det «her er det nokon som har ein skjult agenda», skriv Halvorsen.

Men han er ikkje overraska over situasjonen i Arendal Arbeiderparti.

– Eg har opplevd ei bystyregruppe som til dei grader har gjort arbeidsforholda vanskeleg for sin eigen ordførar. I staden for å støtte opp om sin lovleg valde ordførar har ho heller blitt motarbeida av si eiga gruppe, skriv

– I mange samanhengar hadde eg ønskt ei betre gruppe for henne å jobbe saman med. Ho har mange fine eigenskapar, skriv han.

– Arendal Arbeiderparti er den største gruppa i Arendal Bystyre, og burde vist større leiarskap og samhald, men den rolla verkar å vere heilt fråverande, legg Halvorsen til.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 1,36 kr
Dyrest kl. 07 2,31 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %