Bakgrunnen er at barnelegen på barneavdelinga kan bli fjerna på natta og i helgar. Saka skal opp i byrstyret i Arendal torsdag kveld.
– Dersom barneavdelinga vert øydelagd vil dette gå kraftig utover fødetilbodet og gynekologitilbodet, skriv komitéen i eit brev til bystyret.
Bekymra
– Det er fort gjort å øydeleggje noko som fungerer. Det har teke lang tid å byggje dei gode tenestene og den gode kompetansen, som sjukehuset gir i dag. Sjukehusstyret bør gjennomføre ei munnleg høyring blant fagfolk på sjukehuset i Arendal før saka vert behandla, heiter det i brevet.
Torsdag morgon uttrykte verneombodet på barneavdelinga bekymring for barna, dersom barnelegen vert fjerna på natta og i helgane.
– Dei sjukaste vil få ein lengre veg når dei må til Kristiansand. Det vil nok ramme spesielt familiar med kronisk sjuke barn sidan dei er oftare innlagde, sa verneombod ved barneavdelinga på sjukehuset i Arendal, Maria Berit Johannessen til NRK.no.
– Forunderleg
Helse- og omsorgsskomitéen deler bekymringa.
– Befolkninga i sjukehusområdet aukar. Sjukehuset i Arendal har kapasitet og god kompetanse. Det er forunderleg at alle trugslar mot vårt sjukehus kjem innanfrå, faktisk frå sjukehusleiinga, skriv komitéen.
– Når skal sjukehusleiinga slutte med å byggje ned sjukehuset? Når skal sjukehusleiinga byrje å utvikle sjukehustilbodet i Arendal, spør komitéen i brevet.
Helse- og omsorgskomitéen har laga fem forslag til vedtak før kveldens bystyremøte:
- Bystyret i Arendal kommune er bekymret for den nedbygging og uro som vi nok en gang ser et eksempel på.
- Bystyret støtter helse- og omsorgskomiteens uttalelse og ber om at den sendes til styreleder og direktør ved SSHF.
- Bystyret ber sykehusstyret om å gjennomføre en muntlig høring blant fagfolk til tillitsvalgte før saken styrebehandles.
- Ordfører må følge opp denne saken mot sykehusledelsen, gjerne sammen med andre kommuner.