NRK Meny
Normal

– Mange av skilta er misvisande

Mange vegskilt med elgfare er misvisande fordi det ikkje fins elg i nærleiken. No kan 30 år gamle skilt bli fjerna.

Mange veiskilt med elgfare er misvisende fordi det ikke finnes elg i nærheten. Flere skilt som ble satt opp for tretti år siden - kan derfor bli fjernet.

Sjå reportasje.

– Mellom desse to skilta, som er sett opp midt på 90-talet er det aldri registrert påkøyrsle av elg, seier Kåre Sander Nilsen som er leiar fallviltgruppa i Tvedestrand kommune.

Kåre Sander Nilsen

Kåre Sander Nilsen, leiar i fallviltgruppa i Tvedestrand, meiner at mange elgskilt står på feil plass.

Foto: Leif Dalen/NRK

Skiltet er rett og slett misvisande. Det var også slik når elgbestanden var stor, seier han.

Nilsen er ein av fleire som vert oppringt når eit dyr er påkøyrt for å ta hand om dyret.

Han meiner at mange av skilta som varslar om fare for elg rett og slett heng på feil stad.

– Rett og slett misvisande

– Du skal ha respekt for elgskiltet og dyretråkket som går over vegen og senke farten. Men dersom du aldri ser dyr på strekninga har ikkje skiltet nokon effekt. Då senkar du ikkje farten, seier han.

Paralelt med at elgbestanden har gått kraftig ned i Aust-Agder dei siste åra er også talet på elgpåkøyrsler gått ned.

Ifølgje SSB vart det felt 2429 elg i Aust-Agder i 2000/01. I 2015/16-sesongen vart det felt 693 elg.

– Mellom dei to skilta her, som er sett opp på 90-talet, er det aldri registrert påkøyrsle av elg. Det er rett og slett misvisande. Det gjaldt også når elgbestanden var stor, seier Nilsen.

Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser ein kraftig nedgang i talet på elgpåkøyrsler i fleire fylke. I 2014/15 vart 22 elg påkøyrt i Aust-Agder. I 1990/91 vart 71 elg påkøyrt i same fylke.

Laster innhold, vennligst vent..

– Har ingen effekt

Statistikken viser det same i både Vest-Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud.

– Du skal ha respekt for elgskiltet eller dyretrakket som går over vegen, slik at du senkar farten, seier Nilsen

– Dersom du aldri ser dyr på strekninga har heller ikkje skiltet nokon effekt. Då senkar du ikkje farten, seier han.

I fylke som til dømes Hedmark, Oppland, Nord-Trøndelag, Nordland og Troms er det derimot langt fleire elg som vert påkøyrt no, samanlikna med for 15-16 år sidan.

Elgpåkjørsel

Dette er blitt eit sjeldnare syn i mange fylke. I andre fylke har talet på elgpåkøyrsler auka.

Foto: Torjus Kleiven Kandal

Varslar gjennomgang

I Tvedestrand i Aust-Agder vil dei no gå grundig gjennom kva skilt som eventuelt er feilplassert.

– Eg trur at på Sørlandet er det mange kommunar som kunne vore greit å ta ein gjennomgang av det, seier landbruksrådgjevar Hans Magnus Sætra i Tvedestrand kommune.

Viltrådgjevaren i fylket sier at det mange plassar i Aust-Agder der elgskilta har blitt hengande alt for lenge.

– Dei vart hengt opp ofte på grunn av situasjonen for 30 år sidan. Så har det kanskje vore litt ulikt rundt omkring om det er vurdert endringar. Kanskje nokre av skilta heng utan særleg grunn, seier viltrådgjevar Hans Fløystad i Aust-Agder fylkeskommune.

Elgpåkøyrsler (bil)

Fylke

2014/15

2013/14

2012/13

1990/91

1991/92

1992/93

Østfold

42

56

44

46

56

73

Akershus

70

88

115

112

137

129

Oslo

3

0

2

11

7

10

Hedmark

195

214

269

194

163

255

Oppland

145

101

120

85

83

202

Buskerud

64

71

82

110

90

139

Vestfold

5

14

5

32

41

37

Telemark

23

37

47

69

73

114

Aust-Agder

22

20

24

72

88

84

Vest-Agder

9

4

10

32

78

78

Rogaland

1

3

0

1

1

1

Hordaland

1

1

1

0

0

0

Sogn og Fjordane

0

0

0

1

3

0

Møre og Romsdal

7

59

9

1

1

1

Sør-Trøndelag

76

38

48

30

20

56

Nord-Trøndelag

87

80

82

25

52

103

Nordland

134

122

138

38

62

77

Troms

42

69

92

23

41

50

Finnmark

28

11

30

2

1

9

Totalt

954

934

1118

884

997

1418