Hopp til innhold

– Kvalitet trumfar nærleik til sjukehusa

Pasient- og brukarombodet i Vest-Agder meiner at lokaliseringskampen for sjukehusa i landsdelen svekkar folk sin tillit.

Sørlandet sykehus Flekkefjord

Det er bestemt at akutte bukoperasjonar ikkje lenger skal utførast i Flekkefjord. Dei skal i staden gjerast ved sjukehuset i Kristiansand.

Foto: Lars Eie / NRK

– Det kan lett oppfattast som at folk kan få mistillit til sjukehusa. Det er mitt inntrykk, seier seier pasient- og brukarombod i Vest-Agder, Gunnhild Solberg til NRK.

– Det har eg sagt i alle år i mi årsmelding når eg har vore ombod. Det er mitt inntrykk. Når det gjeld meg sjølv og mine ynskjer folk å bli behandla av folk med høg kompetanse før nærleik til behandlingsstaden, seier ho.

Gunnhild Solberg

Brukar- og pasientombod Gunnhild Solberg.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK
Hans Fredrik Grøvan (Krf)

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

I førre veke vart det kjent at sjuke nyfødde barn ikkje vert sikra forsvarleg behandling i Arendal.

Flyttar operasjonar til Kristiansand

Få dagar seinare vart det kjent at akutte mageoperasjonar ikkje lenger skal utførast i Flekkefjord, men flyttast til Kristiansand.

Dette skapte sterke reaksjonar i både Arendal og Flekkefjord.

Sigmund Kroslid som kjempar for sjukehuset i Flekkefjord hevda at «det må vere noko akutt gale med sjukehusleiinga» då han vart klar over flyttinga.

Fagdirektør Per Engstrand understreka at flyttinga av operasjonar frå Flekkefjord til Kristiansand handlar om kvalitet på behandlinga.

– Dette handlar om pasientsikkerheit og kvalitet som går uavhengig av dei strukturelle diskusjonane, sa han.

Ba helseministeren gripe inn

Stortingsrepresentant Hans Fredrik Grøvan (KrF) har bede helseministeren om å gripe inn for å hindre at akutte bukoperasjonar om kompetanse forsvinn frå Flekkefjord.

– Vi tykkjer det er veldig rart så lenge det fins ein kompetanse på den type operasjonar at det ikkje skal vere mogleg å gjennomføre det etter rådgjeving med kristiansandsmiljøet, seier han.

Pasient- og brukarombådet åtvarar aktørar i sjukehusstriden om å blande korta om lokalisering og pasientsikkerheit.

– Mitt inntrykk frå pasientar og pårørande er at dei vil ha behandling av personane som er dei beste. Anten det gjeld Arendal, Flekkefjord eller Kristiansand, seier Solberg.

– Få klagar om dei må reise til Arendal

Sjølv om stortingsrepresentant Grøvan slåst for sjukehuset i Flekkefjord, gjer han pasient- og brukerombudet i Vest-Agder rett: kvalitet trumfar alt.

Solberg underbyggjer argumentasjonen ved å henvise til spesialkompetansen sjukehuset i Arendal har på auge- og hjartebehandling.

– Det er få som klagar på at dei må reise til Arendal med augene eller hjartet sitt. I dag er spesialhelsetenesta så spesialisert at dei som må utføre oppgåvene må gjere det ofte for å bli gode, seier ho.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 1,1 kr
Dyrest kl. 19 1,65 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %