NRK Meny
Normal

– Kan komme ein meter snø

Det er varsla stort snøfall på Sørlandet dei kommande dagane. Innan fredag kan det komme ein meter snø.

Snøvær

Det er varsla mykje nedbør på Sørlandet dei kommande dagane.

Foto: Schrøder, Tor Erik / SCANPIX

– Agder må belage seg på mykje nedbør særleg torsdag og fredag. Når dette kjem som snø kan det bli opp mot ein meter snø i løpet av 2-3 dagar, seier statsmeteorolog Bente Wahl til NRK.

Måndag kveld sto over 100 vogntog fast på E39 mellom Mandal og Søgne på grunn av snøkaos. Fleire vogntog sperra vegen i fleire timar.

– Det blir plussgrader langs kysten, men du skal ikkje langt inn i landet før det er minusgrader, seier statsmeteorologen.

Statsmeteorologen åtvarar også mot at det kan bli vanskelege køyreforhold som følgje av snøvêret.

– Det bles litt og då blir det fort føyke og dårleg sikt. Det blir også fort glatt når denne snøen blir polert, seier Bente Wahl.