NRK Meny
Normal

– Hadde nokon stått framfor vindauget hadde dei blitt skotne

Ein familie i Songdalen opplevde natt til onsdag at ukjente skaut gjennom vindauget deira. – Folk treng ikkje vere nervøse, seier lensmann.

Skutt i Songdalen

Slik såg vindauget til familien Eikeland ut etter at nokon av ukjent grunn har skote på huset deira.

Foto: Erik Eikeland

– Eg har budd 17 år i Chicago, to år i Florida og tre år i London, men aldri opplevd noko som liknar dette.

Det seier familiefar Erik Eikeland, som saman med kona og to born bur på Nodeland i Songdalen. Det var Fædrelandsvennen som først skreiv om saka.

Rundt halv tre natt til onsdag høyrde familien eit stort smell. Dei trudde det var katten som hadde slått ned noko, men det var nokon som skaut på vindauget deira.

Oppdaga mykje glas inne

– Då eg sto opp halv sju og skulle setje meg i sofaen med morgonkaffien, såg eg at der var mykje glas.

Etter litt leiting fann dei ut kvar det kom frå.

– Det kom ifrå eit skot gjennom vindauget og persienna, og hadde slått i veggen på motsett side av rommet.

Skutt i Songdalen

Erik Eikeland fann til slutt ut kvar glasskåra kom frå, då han såg det var skadar på lamellane.

Foto: Erik Eikeland

Dei anar ikkje kven eller kvifor nokon har gjort dette. Men ymse teoriar har blitt diskutert:

– No har politiet vore her i dag, og dei får etterforske dette. Eg veit at sleivskot var nemnt fleire gonger, i samband med at det er revejakt no.

Uvisst kven som står bak

Søgne og Songdalen lensmannskontor fekk informasjon frå operasjonssentralen om at eit hus hadde fått knust eit vindauge i løpet av natta.

– Og på innsida låg ei kule. Nokon har skote gjennom vindauget i løpet av natta, uvisst av kva slags årsak, seier lensmann Terje Pedersen.

Politiet trur det har blitt brukt ei rifle i skyteepisoden. Førebels veit dei ikkje noko om kven som står bak.

Terje Pedersen

Lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen, meiner slike episodar høyrer til sjeldenheitene.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

– Kunne gått mykje verre

Eikeland håper dei skuldige blir tekne. Han meiner dette kunne fått eit langt verre utfall.

– Eg håper tips kjem inn, og at dei finn ut kven som spring rundt om nettene å skyt hist og pist. Det er urovekkande, viss det hadde stått nokon framfor vindauget så hadde dei sjølvsagt blitt skotne.

Sjølv håper og trur han det var eit sleivskot, men understrekar:

– Viss folk fyker rundt i nærområda og skyt og forårsakar sleivskot som går inn i hus, så må det varetakast.

– Høyrer til sjeldenheitene

Lensmann Pedersen fortel at slike hendingar ikkje skjer ofte, og at det i så tilfelle ofte er snakk om kuler frå luftgevær.

– Eg tykkjer ikkje folk skal bli utrygge på grunn av dette. Vi kjenner ikkje til motivet eller årsaka til kvifor dette er gjort, men det høyrer til sjeldenheitene. Sånn sett er det ikkje noko folk treng å vere nervøse for.

Beskutt Songdalen

I dette huset i Songdalen skaut nokon ukjente gjennom vindauget til familien Eikeland.

Foto: Erik Eikeland
Laster Twitter-innhold