Hopp til innhold

– Forstår ikkje at Ap og KrF vil folket så vondt

Frp-topp går knallhardt ut mot Arbeidarpartiet og KrF i bompengedebatt i Arendal.

Bilistene i arendalsregion har så langt vært spart for bompenger i sitt nærområde, men dette bildet vil bli totalt endret om noen år. Beregninger Agderposten har gjort viser at det trolig blir 20 nye bommer, i tillegg til de to som kommer på E18. Og det kan bety at lokale dagpendelere mellom Arendal og Tvedestrand kan komme til å punge ut så mye som 25 000 kroner i året fra 2020.

Høyr bompengedebatt mellom Åshild Bruun-Gundersen (Frp) og Ole Glenn Gundersen (KrF).

– Det er snakk om ei lokal årsavgift på 25 000 kroner for å ha bil i arendalsregionen. I tillegg kjem eigedomsskatten som er på eit høgt nivå. Eg forstår ikkje at Ap og KrF vil folket så vondt, seier Frps toppkandidat før stortingsvalet, Åshild Bruun-Gundersen.

Ein gjennomgang Agderposten har gjort viser at ein dagpendlar mellom Tvedestrand og Arendal risikerer 25 000 kroner i bompengar i året.

Åshild Bruun-Gundersen

Åshild Bruun-Gundersen er Frp Aust-Agder sin toppkandidat til stortingsvalet til hausten. Ho sit også på fylkestinget for partiet.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Då er to nye bomstasjonar på ny E18 og bomring i Arendal medrekna. I bomringen kan det bli 20 bomstasjonar rundt om kring i Arendal.

– Hårreisande

– Eg tykkjer det er hårreisande. Vi kan spørje om folk har råd til å leve etter KrF og Ap sin politikk i framtida, seier Bruun-Gundersen.

Bystyrerepresentant for KrF, Ole Glenn Tvermyr, vedgår at bompengar ikkje er noko «festleg» tema.

– Vi høyrer ofte at Frp er imot bompengar, men vi høyrer ikkje noko om alternative finansieringsmodellar, seier Tvermyr.

– Det er ingen som eigentleg vil ha bompengar, men vi må ta ansvar, og då må vi innføre det som ein del av bypakka, seier han.

Vil bygge færre vegar

Men Bruun-Gundersen er også særs kritisk til omfanget av bypakka, som skal finansiere nye vegar, betre kollektivtilbod og oppgradering og nybygging av sykkel- og gangstiar.

– Av dei 3,8 milliardane som er planlagt i bypakkeprosjektet går det meste til gang- og sykkelvegar. Det verkar som om Ap og KrF ikkje forstår at Arendal ikkje er ein storby. Folk bur og jobbar med lange avstandar. Det er vel ingen som trur at folk vil sykle og gå til jobb. Dette prosjektet går til å betale gang- og sykkelvegar i vår region.

– Vi ser at ein ofte byggjer gang- og sykkelstiar der folk verken går eller syklar. Når ein først byggjer må det vere å trygge skulevegar og der folk faktisk går og syklar, seier Bruun-Gundersen.

E18-animasjon

Slik blir ny E18 mellom Arendal og Tvedestrand. Det kjem to bomstasjonar på den

Foto: Illustrasjon: Nye Veier AS

Frp-ja til bompengar

Men Frp har sjølv vore med på å vedta bygging av ny E18 mellom Arendal og Tvedestrand, der det blir to bomstasjonar.

– Skilnaden mellom lokalvegane og E18 er at ein har ei alternativ rute. Ein kan køyre på gamle E18 der det er bompengefritt. I bypakken sperrar du alle lokalvegane med bomstasjonar, seier ho.

Tvermyr i KrF presiserer at bompengesatsane ikkje er bestemt, og at 25 000 i året for ein dagpendlar er det «verst tenkelege».

– Bystyret avgjer til sjuande og sist. Det går å differensiere på rushtid. Når ein passerer ein gang kan den andre vere gratis innanfor den same timen. Det er mange måtar å gjere det på. Vi må prøve å få til ei smidig løysing, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %