– Eit lite vindpust er nok
Setesdal Brannvesen ber folk vere forsiktige med bruk av eld. Laurdag måtte dei ut for å sløkke ein krattbrann i Valle. – Eit lite vindpust er nok, så er det full fyr. Det er veldig tørt, seier overbefalsvakt Egil Kvitne i Setesdal brannvesen til NRK.