Hopp til innhold

– Ein tøff test for Vipers

Vipers Kristiansand har starta sesongen med tre sigrar på dei tre første kampane. Torsdag kveld ventar fjorårets sølvvinnar Glassverket på heimebane.

Karin Weigelt, Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand møter Glassverket torsdag kveld.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRK

– Det blir ein tøff test for oss. Vi får sjå korleis vi ligg an i forhold til dei beste, seier Vipers-spelar Marta Tomac til NRK.

Gunnar Pettersen

Gunnar Pettersen sitt lag toppar eliteserietabellen før møtet med Glassverket.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Sørlendingane toppar eliteserietabellen etter dei tre første serierundene.

Der har dei slått Molde, Rælingen og Sola. Alle dei tre laga rykte opp frå 1. divisjon førre sesong.

Ventar ein krigekamp

– Vi møter eit betre lag enn vi har gjort i dei tre første kampane. Eg trur det blir ein tøff kamp med kriging på bana, seier den tidlegare Byåsen-spelaren.

Glassverket har vunne to av sine tre første kampar. Dei tapte nemleg mot Tertnes i Bergen.

I førre serierunde knuste dei Byåsen 29-18 på heimebane.

– Forhåpentlegvis tek vi to poeng, men det blir tøft, seier Tomac.

Håpar på fullt hus

Også Glassverket-trenar Kenneth Gabrielsen ventar kamp om poenga i Aquarama.

– Vi reiser til ein av dei absolutt tøffaste kampane vi har denne sesongen, seier han til klubben si nettside.

No håpar Marta Tomac at publikum finn vegen til Aquarama torsdag kveld.

– Det betyr så mykje for oss at folk møter opp. Eg trur det hjelper oss til å gjere ein god kamp, seier ho.

Kampen startar klokka 19 torsdag.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,15 kr
Dyrest kl. 07 2,29 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %