Hopp til innhold

Ordføraren i Valle om drapet: – Dette er berre tragisk

Ordførar Tarald Myrum i Valle fortel om ei bygd i sjokk etter drapet på ein 50 år gammal mann. Mannen kom frå den vesle kommunen med under 1300 innbyggjarar.

Tarald Myrum

Ordførar Tarald Myrum fekk sjokk då han vart varsla om drapet i Valle. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det er berre tragisk. Det var eit sjokk når eg vart varsla om morgonen, seier Myrum til NRK.

Ein 50-åring frå Valle vart påført tre knivstikk i ryggen og eitt brystet på ein privat fest i bygda natt til søndag.

Første drap i moderne tid

Mannen vart send til sjukehus i Oslo med luftambulanse, men døydde av skadene i morgontimane. Ein 38 år gammal mann frå Grimstad vart søndag føremiddag sikta for drapet.

Av politiet vert den drepte 50-åringen beskrive som ein «godt kjent person i bygda».

– Det har aldri vore drap i moderne tid i Valle. Så det er klart dette kom som eit sjokk på mange, seier Myrum.

– Lågmælt stemning

Pårørande av den drepte 50-åringen vert no teke hand om av kommunen sitt kriseteam.

– Vanlege prosedyrar er fulgt, og dei får god oppfølgjing, seier ordføraren.

– Det er ei rimeleg lågmælt stemning i Valle i dag. Det var ikkje dette vi ville vakne opp til ein vakker vårdag, seier ordføraren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %