Hopp til innhold

– Dette blir diggbart og rått

Tusenvis av festivaldeltakarar er i ferd med å innta Tromøya i Arendal til årets Hovefestival.

– Det var jo stappfullt når vi kom, men så fann vi ein liten plass til teltet vårt. Den var veldig liten, men vi fekk jo eigentleg god plass. Det er heilt nydeleg her, seier Christer Uleberg frå Kristiansand til NRK.no.

Saman med kameratane Frank Bentsen og Aleksander Laursen kosa han i sola på Tromøy måndag kveld.

– Dette blir diggbart og rått, rett og slett, seier Uleberg.

– Litt dårleg organisert og sånn

Daniel Johnsen, Tanja Eik og Katarina Alfdreide frå Asker hadde endeleg fått opp teltet sitt då NRK.no møtte dei.

– Ja, endeleg har vi komme oss på plass. Det tok litt tid å finne ein plass, men vi fann til slutt, seier Johnsen.

– Folk måtte jo flytte telta sine slik at vi skulle få plass. Det var litt dårleg organisert og sånn, seier Eik.

No ser trioen fram til å starte festen i solskinnet på Sørlandet.

– Eg trur det kjem til å bli kjempegøy. Det blir masse deilig musikk og vi skal berre kose oss saman, seier Alfdreide.

Daniel Johnsen, Tanja Eik og Katarina Alfdreide

PÅ PLASS: Daniel Johnsen, Tanja Eik og Katarina Alfdreide på Hove.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er litt kjipt

– Det er vel sjølve campingen som er det beste. Men også konsertane. Det er jo ein del bra artistar som kjem, så dette blir gøy, seier Johnsen.

Ein kar som endå ikkje hadde fått opp teltet sitt var Sigurd Johannes Schjøren.

– Det er litt kjipt for det vart litt misforståing. Dei ved sidan av hadde lagt teltet her. Så vi byrja å setje opp vårt. Så kom dei plutseleg og sa at plassen var oppteken, så då var det berre tå det ned igjen, seier han.

– Så då er det påan igjen?

– Ja, å herregud!

Tysdag er den offisielle opninga av årets festival. 30 Seconds To Mars og Linkin Park er blant banda som skal på scena.

Sigurd Johannes Schjøren

OPPGITT: Sigurd Johannes Schjøren måtte ta ned igjen teltet sitt då det viste seg at teltplassen var oppteken.

Foto: Sander Heggheim/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %