Hopp til innhold

Stor skogbrannfare: – Det tek fyr på eit blunk

Utrykningsleiar i Aust-Agder brannvesen, Øyvind Erland, ber folk respektere forbodet mot bålbrenning. Årsaka er at det er særs tørt mange stader.

Brann på Skottevik

Det brann i skog og kratt på Skottevik i Lillesand fredag ettermiddag. No ber brannvesenet folk om å vere særs forsiktige med bruk av eld.

Foto: Tipser

– Folk må vere himla forsiktige med både grilling og det å kaste sigarettar ut av bilvindauget. Det tek fyr på eit blunk, seier Erland til NRK.

Fredag ettermiddag tok det fyr i kratt og skog like ved Skottevik feriesenter i Lillesand. Det er særs tørt i området i tillegg til sterk vind, som gjorde at flammane spreidde seg raskt.

Det brann i eit belte på rundt 80 meter langs kysten. Brannvesenet fekk etterkvart kontroll over brannen, men ber folk vere særs forsiktige med bruk av eld.

Brannvesenet understrekar også at det er forbode med bålbrenning nær skogsmark frå 15. april til 15. september.

– Det er i ferd med å bli skikkeleg tørt mange stader, så folk må vere utruleg forsiktige, seier han.

Politiet opplyser til NRK at folk kan få bøter dersom ein startar ein skogbrann.

Avhengig av omfanget av brannen kan det vere snakk om strengare straffereaksjonar.

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %