Hopp til innhold

– Det er enorme naturkrefter

Naturfotograf Knut Johnny Andersen trassar uvêret for å få dei beste blinkskota. Han er ein av fleire som er ute for å sjå uvêret herje langs Sørlandskysten.

Knut Johnny Andersen

Knut Johnny Andersen sikrar seg bilete frå uvêret som herjar på Sørlandet.

Foto: Lars Eie/NRK

Knut Johnny Andersen

Knut Johnny Andersen har kledd seg godt for å sikre dei beste bileta frå uvêret.

Foto: Lars Eie/NRK

– Det er enorme naturkrefter, så dette er jo flott for oss fotografar, men det er ikkje så flott for dei som opplever dette ute på havet, seier Andersen til NRK.

Fotografen er på Lista for å fange dei største bølgjene på kameraet sitt.

– Håpar det vert tøffare

– Eg prøver å få inntrykk av bølgjene og kvar enkelt bølgje når dei krøllar seg. Det er litt stilig, seier han.

Det er venta at vinden vil toppe seg ved 13-14-tida torsdag ettermiddag.

– Det er akkurat begynt. Eg håpar det vert endå tøffare, seier han.

– Korleis vil du beskrive forholda der ute?

– Eg har problem med å halde balansen. Spesielt når går med vinden, då tek den tak i meg, seier han.

Det kraftige uvêret fører til trøbbel i fly- og ferjetrafikken. Color Line har innstilt alle sine avgangar til og frå Norge i dag.

Bilder av uværet i Farsund og på Lista.

VIDEO: Sjå uvêrsbilete frå Farsund og Lista.

Uvêret reiv Arvid over ende

Arvid Moi

Arvid Moi fekk kjenne naturkreftene på kroppen.

Foto: Lars Eie/NRK

Arvid Moi følgjer uvêret frå Lista fyr og opplevde at vinden tok tak i han slik at han datt.

– Eg måtte halde meg fast på kanten av fyret. Eg ramla rett og slett og klarte ikkje halde meg på beina, seier han.

Han hadde eigentleg ikkje planlagt å oppsøkje naturkreftene, men vart freista då han køyrde forbi Lista fyr .

– Eg tenkte at det hadde vore artig å sjå korleis det er her når det herjar som mest. Eg angrar ikkje på den turen, seier han.

– Det er vanskeleg å beskrive vêret. Det kjem kolossale vindkast og då er det umogleg å halde seg. Eg måtte klamre meg fast i trappa for å ikkje blåse av vegen, seier han.

– Har opplevd verre

Elisabeth Hansen og Kristine Kjørkleiv har teke turen ut for å sjå på bølgjene som slår innover land på Lista.

– Det er kjempegøy og spennande, men eg har nok opplevd verre tidlegare, seier Elisabeth.

– Det er nokre vanvittige bølgjer og vindkast. Det er veldig fascinerande at det er så ekstremt. Vi er ikkje så veldig stødig på beina når vi går her, ler Kristine.

Storm på Lista

Elisabeth og Kristine følgjer uvêret på Lista saman med ei venninne.

Foto: Lars Eie/NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %