Hopp til innhold

– Bør droppe samanslåingsplanane

Hovudtillitsvald i Forskarforbundet John Olav Bjørnestad meiner at samanslåingsplanane mellom Universitetet i Agder (UiA) og Høgskulen i Telemark bør leggjast død.

UiA

Ei undersøking viser at 81 prosent av medlemmene i fagforeiningane ved UiA ikkje ynkjer samanslåing med Høgskolen i Telemark.

Bakgrunnen er ei undersøking blant medlemmene i fagforeiningane ved dei to utdanningsinstitusjonane. Den viser at 81 prosent er imot ei samanslåing.

– Det er eit kraftig signal for UiA-leiinga og universitetsstyret at dei tilsette gir fagforeiningane eit mandat for å jobbe mot ein fusjon. Det er kraftig signal på at UiA vil utvikle seg som eit sjølvstendig universitet, seier Bjørnestad til NRK.

Medlemmer frå 13 fagforeningar ved UiA er spurt om dei ynskjer fusjon med Høgskolen i Telemark.

Over 80 prosent av dei kring 1100 tilsette ved UiA er fagorganisert. Kring halvparten er med i Forskarforbundet.

– Når over 80 prosent er imot ein fusjon bør det vere eit tydeleg signal om at universitetsstyret bør vurdere å leggje saka død, eller utsetje den inntil vidare. Mest av alt ynskjer vi at fusjonsalternativet vert lagt dødt, seier Bjørnestad.

Han er ikkje overraska over at 81 prosent er imot fusjon med Høgskolen i Telemark.

– Vi hadde i alle fall håpa på over 75 prosent. Når vi får over 80 prosent som viser ein aktiv motstand mot fusjon, så er det eit resultat vi er veldig godt nøgde med, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %