Hopp til innhold

– Både Jerv og Start kan rykke opp

Fotballekspert Roger Risholt har tru på at både Jerv og Start kan rykke opp til eliteserien denne sesongen.

Fotballekspert Roger Risholt har tru på at både Jerv og Start kan rykke opp til eliteserien denne sesongen.

Sjå intervju med fotballekspert Roger Risholt.

– Eg trur at det kan skje. Start og Jerv nummer ein og to på tabellen. Men du har Bodø/Glimt, Sandnes Ulf og kanskje eit par andre lag. Men det kan faktisk skje at Start og Jerv rykker opp, seier Risholt til NRK.

Den tidlegare Start-spelaren la fotballskoa på hylla etter fjorårssesongen.

Vil ha krangling og temperatur

No er han på La Manga i Spania for Eurosport.

Arne Sandstø, FK Jerv

Jerv-trenar Arne Sandstø har lova friske utsegn og kommentarar denne sesongen.

Foto: Sander Heggheim/NRK
Starttrener Steinar Pedersen på La Manga

Start-trenar Steinar Pedersen.

Foto: Sander Heggheim/NRK / NRK
Knut Tørum

Knut Tørum er trenar i Arendal.

Foto: Leif Dalen / NRK

Denne sesongen skal han vere ekspertkommentator for TV-kanalen, som skal sende kampane frå både 1. divisjon og eliteserien.

– Det er fantastisk å framleis får vere innan fotballen. Spesielt når vi har tre så gode lag frå Sørlandet, seier han.

Det blir tøffe bataljar i til saman seks lokaloppgjer mellom Start, Jerv og Arendal.

Ordkrigen er allereie i full gang. Den håpar Risholt eskalerer utover sesongen.

– Eg håpar dei kan litt på seg sjølve. At det blir litt krangling og temperatur om kven som er best i aust og vest. Det er to bergensarar som trenar Jerv og Arendal mot Steinar Pedersen i Start, som ekte sørlending. Eg håpar vi kan få ein god fight, seier han.

Trur Arendal kan overraske

– Eg håpar dei har eit godt venskap i botn, og at dei torer å «stikke» litt. Vi har heldigvis Glenn Andersen, som stadig vekk stikk litt vestover. Eg håpar vi får artige kampar, fulle stadion, trykk og masse entusiasme, seier Risholt.

Knut Tørum og Arendal rykte opp frå 2. divisjon førre sesong.

Risholt trur også dei kan bite godt ifrå seg i landets nest øvste divisjon.

– Arendal kjem nedanifrå og kan bli ein «dark horse», seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,62 kr
Dyrest kl. 18 1,39 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %