Hopp til innhold

Samanliknar Jerv-spelar med United-stjerne

Michael Ogungbaro er spådd ei stor fotballkarriere. Trenaren samanliknar han med Manchester United-stjerna Paul Pogba, og trur klubben vil få millionar for han.

Michael Ogungbaro

Michael Ogungbaro i ein treningskamp på La Manga i Spania i førre veke.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Garantert. Han er Pogba «light». Det er veldig mykje likt. Han vil ta endå fleire steg denne sesongen enn førre, seier Jerv-trenar Arne Sandstø til NRK.

Pogba og Martial

Slik ser originalen ut. Manchester United-spelar Paul Pogba.

Foto: OLI SCARFF / Afp

20-åringen er sjølvskriven på den defensive midtbaneplassen i 1. divisjonsklubben. I løpet av fjorårssesongen var det ei rekkje klubbar som fatta interesse.

– Store klubbar ute i Europa var her og såg på han. Det er ikkje noko formelt endå, men det er ein spennande spelar, seier sportsleg leiar Cosmo Collett.

Vil til England

Toppklubbar både i Tyskland og Nederland følgjer midtbanetalentet med stor interesse. Men Ogungbaro har ikkje hastverk med å reise frå Grimstad.

– Eg veit at mange er interessert i meg. Men laget og fansen elskar meg, og eg har kontrakt med klubben. Ambisjonen er å spele i ein større klubb. Eg vil spele på toppnivå, men for meg er dette ein god start, seier han.

– Eg kjenner ikkje noko press. Frå starten av karrieren mi har agentar og speidarar følgt meg. Eg veit berre at framtida mi er lys. Så eg tenkjer ikkje så mykje på det, seier Ogungbaro.

Og kanskje ein dag får han spele mot, eller kanskje på lag med Paul Pogba i Manchester United. Det er i alle fall draumen.

– Eg elskar fotballen Arsenal spelar. Men eg likar også United og Juventus godt, fortel han.

Michael Ogungbaro, FK Jerv

Michael Ogungbaro er det heitaste salsobjektet i FK Jerv.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vil rykke opp med Jerv

Men inntil han får eit konkret tilbod på bordet, har han fullt fokus på ein ny sesong med Jerv.

– Det er berre hardt arbeid som hjelp. Eg må jobbe for å nå toppen. Vi skal rykke direkte opp til eliteserien i år. Vi er i god form og er klare til å kjempe, seier han.

Men trenar Arne Sandstø innser at han kan miste Ogungbaro allereie denne sesongen.

– Vi skal gjere han frykteleg mykje betre i løpet av sesongen. Så skal vi anten reforhandle kontrakten, eller så sel vi han for mykje pengar, seier Sandstø.

Ogungbaro har kontrakt ut neste sesong med Grimstad-klubben.

Arne Sandstø, FK Jerv

Jerv-trenar Arne Sandstø på treningsfeltet på La Manga.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

NRK Sørlandet
Spiller nå
Gaute Heivoll aktuell med ny diktsamling 00:42
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,57 kr
Dyrest kl. 20 0,66 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,3 kr 25 min.
  • Dusje 2,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,3 kr En vask
  • Varmeovn 0,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Aug 2022 – aug 2023
    + 9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2023
    + 5,5 %