NRK Meny
Normal

800 ut i streik

Nesten 800 tilsette i byggjebransjen på Agder vert teke ut i streik i dag.

Streikende i Skanska

Streikende fra Skanska ved Havlimyra skole i Kristiansand.

Foto: Marianne Jakobsen / NRK

Meklinga mellom Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening braut saman i natt. Det inneber at 789 tilsette vert teke ut i streik på Agder.

– Det var ikkje grunnlag for å komme til enighet. Totaliteten var for dårleg, seier 1. nestleiar i Fellesforbundet, Anders Skattkjær, som har vore forhandlingsleiar.

LES OGSÅ: Kan bli full stopp

Totalt går 21.000 tilsette i 697 bedrifter ut i streik på landsbasis.

Konflikta vil råke ei rekkje større byggjeprosjekt rundt om i heile landet. Heving av minsteløna har vore det store problemet sidan Fellesforbundet overleverte sine krav for Byggenæringens Landsforening.

Samstundes er det klart at det ikkje blir streik i hotellbransjen.