Hopp til innhold

67 smugle-fuglar blir avliva

Dei 67 fuglane som vart smugla inn med danskebåten natt til onsdag blir avliva på grunn av smittefare. Det stadfestar Mattilsynet.

Over 60 fugler er beslaglagt av Tollvesenet i Kristiansand. En tysker bosatt i Rogaland ble tatt mandag kveld med fuglene skjult under bagasjen.

Sjå video av fuglane.

– Vi har akkurat bestemt at fuglane blir avliva. Det er dessverre ingen annan måte å lyse dette på, seier kommunikasjonsrådgjevar i Mattilsynet, Hege Robberstad til NRK.

Ein 52 år gammal mann frå Rogaland hadde med seg fuglane i bilen då han køyrde i land i Kristiansand onsdag morgon.

Mannen har erkjent å ha smugla fuglane og vil truleg få ei bot.

– Då vi sjekka bagasjen høyrde vi etter kvart fuglekvitter, og då kom det fram seks fuglebur med til saman 67 fuglar, sa kontorsjef Helge Breilid i Tollregion Sør.

Kanarifuglar, diamantduer, vaktlar og ein for tollvesenet ukjent fuglerase blei funnen i bagasjen til mannen.

– Mannen som vart stoppa i tollen kunne ikkje vise til verken løyve til å importere fuglane. Han kunne heller ikkje vise helsesertifikat på fuglane. Dermed veit vi ikkje noko om fuglane ber smitte eller ikkje, seier seniorinspektør i Mattilsynet Robert Ilievski til NRK.

Ilievski forklarer at fuglane vert avliva så raskt det let seg gjere praktisk. Fuglane vert avliva med bedøving.

Den 52 år gamle mannen er sett fri etter avhøyr onsdag.

Fugler beslaglagt hos tollvesenet i Kristiansannd

Tollvesenet beslagla fuglane natt til onsdag.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %