Hopp til innhold

Mann teken for smugling av 67 fuglar

Ein 52 år gammal mann er sett i arresten i Kristiansand etter at tollarar fann 67 fuglar av forskjellig art i bilen hans natt til onsdag.

Smugla fuglar

– Etter at danskebåten hadde ankomt klokka 24 i natt, stoppa vi ein bil for kontroll. Då vi sjekka bagasjen høyrde vi etter kvart fuglekvitter, og då kom det fram seks fuglebur med til saman 67 fuglar, fortel kontorsjef Helge Breilid i Tollregion Sør.

Kanarifuglar, diamantduer, vaktlar og ein for tollvesenet ukjent fuglerase blei funnen i bagasjen til mannen.

Helge Breilid

Kontorsjef Helge Breilid i Tollregion Sør fortel at dei har opplevd at fuglar har blitt smugla før, men aldri eit så stort kvanta.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

52-åringen er opphavleg tysk, men bur i Rogaland. Båten la til kai rundt klokka 01 i natt, og fuglebeslaget blei gjort ein time seinare.

Mannen er bringa inn og sett i arresten for å ha forsøkt å ta desse fuglane i land utan at tollvesenet skulle vere klar over det.

Kan vere smittefarlege

Seniorinspektør i Mattilsynet, Robert Ilievski, seier hendinga er alvorleg.

– Viss fuglane ikkje hadde blitt stoppa her, kunne dei blitt implementert til norsk krone.

Han seier fuglane har ukjent smittestatus, der det ikkje har vore eit løyve eller eit helsesertifikat som ein krev ved innførsel av fuglar.

– Dette for å bekrefta at dei er fri for ein del sjukdommar. Vi betraktar no fuglane som smittefarlege, og det kan vere ein risiko for at smitta spreier seg.

Kan føre til avliving

Ilievski fortel at mannen berre hadde løyve til innførsel av 19 duer frå Danmark.

Robert Ilievski

Seniorinspektør i Mattilsynet, Robert Ilievski, fortel at fuglane kanskje må avlivast sidan dei kan vere smittefarlege.

Foto: Kai Stokkeland

– Her er det heilt klart snakk om eit høgare antal, og andre fugleartar i tillegg til duer. Forskjellige type fuglar regulerast med forskjellige forskrifter og vilkår. Når det gjeld ei så stor mengd fuglar så er det kommersiell innførsel, og i den samanheng er det andre vilkår som gjeld.

Så lenge ein ikkje har eit konkret helsesertifikat frå veterinærmyndigheit i avsendarlandet kan ein ikkje vite om fuglane er smittefarlege.

– Sidan det er ukjent smittestatus, må dei kanskje avlivast.

Fugler beslaglagt hos tollvesenet i Kristiansannd
Foto: Kai Stokkeland / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %