Hopp til innhold

Må betale 17 kroner for å passere bommen i rushtida

Frå sommaren 2013 vil det koste 17 kroner å køyre inn til Kristiansand i rushtida for dei som har maks rabatt. Utan rabatt vil det koste 21 kroner per passering i rushtida.

Bompenger i Kristiansand

AVGIFT: Politikarane i Kristiansand har innført rushtidsavgift.

Foto: Svein Sundsdal - Montasje: Kai Rune Kvitstein/NRK

I dag er prisen 11 kroner med full rabatt. Rushtidsavgifta skal gjelde frå 6.30 til 9.00 om morgonen, og frå klokka 14.30 til 17.00 om ettermiddagen.

Prisen utanom rushtida vil liggje omtrent på dagens nivå.

– 17 kroner er litt opp i forhold til dagens takst med full rabatt. Men når ein tek hensyn til at dei same folka truleg køyrer utanom desse rusheperiodane og får ein lågare takst, så trur eg den totalen kan vere levleg, seier fylkesordførar Terje Damman til NRK.no.

Ikkje billegare buss

Terje Damman

Terje Damman

Foto: Svein Sundsdal/NRK

Utrekningar viser at rushtrafikken vil synke med 6 prosent når avgifta vert innført neste sommar.

– Dette er ein naudsynt ting vi må gjere for å få tilgang til dei midlane vi treng for å løyse kollektiv- og framkommelegheitsproblemet totalt i kristiansandregionen, seier Damman.

Men trass i innføring av rushtidsavgift vil det truleg ikkje bli fleire bussruter i Kristiansand og prisane vil heller ikkje gå ned.

– Slik det ser ut per i dag vil eg anta at det er dagens rutestruktur som ver vidareført, men at den må ta høgde for kapasitetsutviding når avgifta vert innført, seier fylkesordføraren.

– Vil prisane gå ned?

– Eg antar at det ikkje vil skje. Eg rekna med at prisnivået vert oppretthalde, seier han.

– Stor utfordring

Fleire ventar at det vil bli ei massiv opprusting av kollektivtransporten når rushtidsavgifta kjem.

– Det viktigaste no er å ha kapasitet på rutene for å ta unna den venta veksten som vil komme, seier Damman

– Dersom forventningane tilseier at det vil komme nye ruter som ikkje har bussamband i dag, eller som har svakt bussamband, trur eg ikkje ein kan rekne med at det vil slå til. I alle fall ikkje i første runde. Det er ei stor utfordring berre å klare å halde oppe dagens tilbod på eit forsvarleg nivå, seier han.

– Er litt i tvil i dag

Ordførar i Vennesla Torhild Bransdal (KrF) meiner det ikkje er godt nok å berre halde opp dagens nivå på kollektivtransport etter innføring av rushtidsavgift.

– Det er heilt essensielt for det vi skal gjennomføre med opptrapping av bompengar. Forutsetningane var eit betre og styrka kollektivtilbod. Det er noko vi må stå på og jobbe for heile tida, seier Bransdal til NRK.no.

– Kan folk stole på at det blir eit betre tilbod?

– Vi har jo gått veldig høgt på bana og sagt at det skal det bli. Eg er litt tvil i dag, seier Bransdal.

Torhild Bransdal i ATP-utval

KOLLEKTIVTILBOD: Torhild Bransdal (i raudt) seier at forutsetningane for innføring av rushtidsavgift var å styrke kollektivtilbodet.

Foto: Svein Sunsdal/NRK

Rushtidskamp

Dei borgarlege partia i Kristiansand kjempa lenge imot innføring av rushtidsavgift. Men i april i år innsåg ordførar Arvid Grundekjøn (H) at det gjekk mot innføring av avgifta, men måtte gi opp for å få statlege pengar.

Bakgrunnen for det var at staten gav klar beskjed om at dei ville halde tilbake 60 millionar kroner i belønningsmidlar til kollektivtransport, dersom Kristiansand ikkje klarar å redusere biltrafikken.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %