Hopp til innhold

14 års medaljetørke er over: – Dette er magisk

Vipers Kristiansand tok sin første eliteseriemedalje sidan 2003, då dei køyrde over Glassverket heime i Aquarama.

Vipers Kristiansand tok sin første eliteseriemedalje sidan 2003, då dei køyrde over Glassverket heime i Aquarama.

Marta Tomac og Jeanett Kristiansen, Vipers

Marta Tomac og Jeanett Kristiansen jublar for seriesølv.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Det er dette som er magisk. Eg er supernøgd med jentene, og at vi er så lojale til kampplanen, seier trenar Kenneth Gabrielsen.

Spelarane kasta seg i armane på kvarandre då sluttsignalet gjekk føre 2300 tilskodarar i Aquarama. Fleire av spelarane tok også til tårene.

– Eg har vore med så nær å ta sølv med Tertnes før. Det er så herleg å klare det i dag etter 13 sesongar i eliteserien, seier keeper Sakura Hauge.

– Dette betyr mykje for alle. Spelarane, klubben, trenarar, byen. Det er heilt fantastisk. Vi viser i dag at vi er Norges nest beste lag. Det er veldig bra. Det er eg veldig stolt over å vere ein del av. Det er heilt fantastisk, seier Marta Tomac.

Intervju med Linn Jørum Sulland etter at Vipers sikret sølv i eliteserien.

Sjå intervju med Linn Jørum Sulland.

– Fantastisk oppleving

Hallen var utselt fleire dagar før kampen. Medaljeoppskrifta var enkel: siger ville vere nok til å sikre sølv.

Og rosatrøyene innfridde så til dei grader.

Dei 2300 tilskodarane såg eit heiltent Vipers-lag køyre over drammensarane frå start. Allereie etter tre minutt stod det 4–0 til Vipers.

Anført av Marta Tomac og Jeanett Kristiansen var serietrear Glassverket sjanselause. Til pause leia sørlendingane 20–10.

– Dette her var ei fantastisk oppleving. Stemninga overgår alle dei andre kampane. Det er så gøy å få det til når vi veit at det gjeld, seier Linn Jørum Sulland.

Vipers Kristiansand feirar sølv

Vipers-spelarane jublar saman med publikum etter kampen mot Glassverket.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Full kontroll

Vipers hadde full kontroll i andre omgang og vann kalassiger med 40–20.

Dermed kunne klubben sleppe jubelen laus for sin første eliteseriemedalje på 14 år.

Hardtsatsande Vipers hadde som mål å ta medalje denne sesongen.

No skal klubben ut i sluttspel der det ligg ein Champions League-plass i potten.

– Det er det vi vil ha. Vi vil spele i Champions League. Vi må slå veldig mange gode lag på vegen, så jobben er absolutt ikkje gjort, seier Sulland.

Marta Tomac og Jeanett Kristiansen, Vipers

Sjå sølvfesten i bilete.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Båtulykke i Tvedestrand

23 år gammel mann omkom – båten ligger på ti meters dyp

Inger Brokka de Ruiter sammen med sønnen Elias. I bakgrunnen sitter faren hennes Bjørn Davidsen.

Sliter med å få tak i medisiner til sine nærmeste

null
Spiller nå
Høydeskrekk i Fjæreheia 01:33
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,9 kr
Dyrest kl. 19 0,97 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,8 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 0,9 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Jun 2023 – jun 2024
    + 4,9 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,2 %