Alvorleg skada etter ulykke
Ein mann i 40-åra er alvorleg skada etter ei ATV-ulykke i Arendal. Firehjulingen skal ha tippa då han køyrde opp ein bratt bakke. Mannen var bevisst då han fekk hjelp av ambulansepersonell. Han er ikkje livstrugande skada, opplyser politiet til NRK.