Men mellom dei som ser ut til å bli realiserte, er Ytre Moa i Årdal, der kultursjef Steinar Lægreid er stor optimist.
Arkitekten igang
– Arkitekten er i gang med å teikne husa, og vi har starta det faglege arbeidet med kva og korleis anlegget skal brukast. Fyrst og fremst skal kommunen legge til rette historieundervisning for skulen, der vikingtida er sentral, seier Lægreid.
Pengane på plass
Øks frå vikingtida funne på Årdalstangen. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Gardsanlegget på Ytre Moa stammar i frå omlag år 700 til år 1000 – midt i vikingtida. I motsetnad til andre meir eller mindre vidløftige prosjekt, så blir truleg ikkje økonomien noko stort problem fordi Hydro betalar inn til eit fond som er avsett til føremålet. Dessutan har kommunen sett av ein million til prosjektet.
Korthus
I løpet av vinteren skal det første tømmeret hoggast. Det var truleg to familiar som budde på Ytre Moa, og anlegget kjem til å få to bustadhus. Det skal reisast felles fjøs, smie og uthus. Lægreid meiner at det ferdige produktet blir ytterst spesielt.
– Det er ikkje oppbygd noko slik gardsanlegg med korthus korkje i Noreg eller i utlandet, seier Lægreid.
Sjå Fylkesleksikon: Vikinggarden Ytre Moa
.
Mange stranda prosjekt...
Arkeologiske utgravingar i hundre år har ført til store og mange funn over heile fylket. Mange av dei er frå vikingtida, som mange nordmenn nok har eit heilt spesielt forhold til. Ønsket om å løfte desse funna fram i lyset har også vore stort.
...i Eid
Bronsekjele og skjoldbular frå langskip frå vikingfunna på Myklebust. (Foto: Arild Nybø, NRK)
I Eid kommune starta Sagastad-prosjektet opp for 14 år sidan. Utgangspunktet var dei store funna ved Myklebust – mellom anna av det som hadde vore eit 25 meter langt vikingskip. Planen var å setje opp eit 800 kvadratmeter stor presentasjonsbygg. I dag ligg det - av økonomiske årsaker – på is. I alle fall til det dukkar opp ein genial ide om korleis det skal finansierast. På internettsida deira er det elles framleis mogeleg å teikne seg for aksjar i prosjektet.
Sjå Fylkesleksikon: Vikingfunna på Myklebust.
Steikepanne frå vikingtida funnen på Osen gard. (Foto: Steinar Lote, NRK)
... og i Gaular
I Osen i Gaular kommune har det vore lufta tankar om gjenskaping av langhus som stod der i vikingtida. Funna i Osen kan bli større attraksjonar enn stavkyrkjene våre, sa dåverande ordførar Per Kjelstad til avisa Firda for vel to år sidan. I dag vedgår han at det nok er litt i det blå.
Sjå Fylkesleksikon: Osen gard.
Eidehøvdingen teikna av S. Magnus.
Eidehøvdingen
På Sandane er prosjektleiar Leela Anita Kjørvik meir optimist på vegne av Mona og den gamle garden til Eidehovdingen frå folkevandringstida nokre hundreår tidlegare.
Sjå: 500-tals gard bør rekonstruerast.
Kjørvik meiner funnet der er unikt med både eit godt gravfunn og tilhøyrande gardsanlegg som fortel mykje om det høgare sosialt sjikt i folkevandringstida.
Sjå Fylkesleksikon: Høvdinggarden Eide.
Økonomien er ikkje like enkel på Mona som Ytre Moa, men Kjørvik trur det er råd å få til i ein kombinasjon av ekstern finansiering, dugnad og sponsing.
Det er framleis von om å rekonstruere garden til Eidehovdingen frå folkevandringstida. Foto Heidi Lise Bakke NRK.