|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Årdal: Vikinggarden Ytre Moa | Rekonstruksjon av vikinggarden Ytre Moa i Årdal på Bergen Museum. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Eit av dei største og mest komplette funn av eit gardsanlegg frå vikingtida (800-900 e. Kr.) som er gjort i Noreg, er gjort på terrassane på Ytre Moa i Øvre Årdal. Publisert 05.12.2001 10:12. Oppdatert 15.09.2004 23:35.I samarbeid mellom Bergen Museum, Årdal Sogelag og ÅSV vart det på 1960-talet starta store utgravingar. Den viste ein gard som var dyrka opp, men fråflytta etter kort tid, truleg på grunn av vassmangel. Sidan har ikkje området vore dyrka, og det gamle gardsanlegget frå vikingtida er difor så godt som urørd.
Mange hustufterMykje av det gamle gardstunet har truleg rasa ut ved ein elveflaum i 1826. Likevel er det funne ei mengd hustufter, omlag 20 gravhaugar, ein bautastein og ei båtforma grav. Husa har hatt ei golvflate frå 30 til 45 kvadratmeter. Det torvkledde taket vart bore oppe av ein stolpekonstruksjon, veggane var mura av stein og torv, og midt i romet låg eldstaden. I taket slapp røyken ut gjennom ljoren.
Fann reiskapar og smykkeI hustuftene har ein funne ei mengd restar etter kokekar, handkvern og verkty for hushald og gardsdrift. Her vart også funne bronsesmykke med dyremotiv. I den båtforma grava vart det funne glasperler og våpen, og restar etter båtsaum som kan tyde på at den døde vart brend i ein båt.
Les og høyr meir i programserien "Glimt frå fortida": Husa
LENKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|