Hopp til innhold

Politiet ynskjer kontakt med bussjåfør etter dødsulukke

I samband med dødsulukka på riksveg 15 torsdag, ynskjer politiet å komme i kontakt med ein bussjåfør som køyrde frå Almenningen mot Eid.

Trafikkulukke på riksveg 15
Foto: Bjarne Eldevik

Bussen køyrde på riksveg 15 mellom klokka 09 og 10 torsdag morgon. Ulukka skjedde i ei 80-sone kring ein kilometer vest for Bryggja. Den vart meldt inn klokka 0947.

Bussjåføren blir beden om å ta kontakt på telefon 57 75 88 00.

– Vi har ingen konkrete opplysningar om bussen, men ynskjer at dei som køyrde denne i det aktuelle tidsrommet tek kontakt, seier Bjarte Engevik ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Alvorleg for mann

Han vil ikkje å gå nærare inn på kvifor dei ynskjer kontakt med føraren av denne bussen.

Ei kvinne vart stadfesta omkomen på staden, medan to menn vart frakta til sjukehus etter ulukka. Ein 46 år gamal mann vart sendt til Førde sentralsjukehus der han no er operert for skadane. AMK opplyser fredag føremiddag at tilstanden framleis er alvorleg, men stabil.

Passasjeren i den avlidne sin bil, ein 34 år gamal mann, vart sendt til sjukehus i Ålesund. Mannen kom frå ulukka utan fysiske skader.

Ikkje frigjeve namn

Vegen var stengd i over fem timar som følgje av ulukka. Politiet og Statens vegvesen si ulukkesgruppe gjorde tekniske oppmålingar og undersøkingar på staden. Det var vitne til ulukka, men politiet ynskjer ikkje å gå inn på kva desse har forklart.

– Vi kan førebels ikkje seie meir om årsaka til ulukka, seier Engevik.

Politiet har ikkje gått ut med identiteten til den omkomne kvinna. Namnet blir lite truleg frigjeve i dag.

– Vi treng tid i høve til varslinga. Det er pårørande som er i utlandet, og då treng vi gjerne litt lengre tid på varslinga, seier Engevik.