Beatrice Misago

STILTE KRAV TIL SEG SJØLV: – Du må rett og slett ta initiativet sjølv, og setja deg eit mål om at dette skal eg klara, seier helsefagarbeidar Beatrice Misago.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Slik blei Beatrice og Jonathan ein del av bygda

VIK I SOGN (NRK): Norske kommunar får ein formidabel jobb med å integrera 18000 nye flyktningar neste år. Ein stor eigeninnsats for å læra seg norsk og skaffa seg arbeid – samt ei velvillig kyrkje – blei løysinga for ekteparet Misago Nahayo frå Burundi.

– Takka vera dei eldre har eg lært dialekten, seier Beatrice Misago (33) på syngjande sognamål.

Den 33 år gamle helsefagarbeidaren står på kjøkenet på Vik bygde- og sjukeheim og gjer klar middagen til ein av bebuarane. Grauten blir ausa i skåla og glaset fylt med raud saft, før Misago ber alt på eit brett inn på rommet til ei eldre kvinne i rullestol:

– Du må rett og slett ta initiativet sjølv, og setja deg eit mål om at dette skal eg klara. For meg har det teke tid, og eg har vore nede i bølgjedalar innimellom. Men etter kvart ser du at det går an.

Språk og arbeid

Beatrice Misago og ektemannen Jonathan Nahayo kom til Vik i 2003 saman med den fyrstefødde sonen, og syskena og mora til Nahayo. Dei hadde då flykta frå uro i heimlandet Burundi og budd i ein flyktningleir i Tanzania.

Meir enn kvar femte flyktning flyttar raskt vidare til ein ny kommune.
Skal norske kommunar lukkast med å integrere 18 tusen asylsøkjarar neste år, bør dei bli buande lenger i den fyrste kommunen dei kjem til, meiner Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

12 ÅR I SOGN: Jonathan Nahayo og kona Beatrice Misago frå Burundi kom til Vik i 2003: – Her har me fått arbeid, og familien har det trygt, seier Nahayo. Sjå TV-sak, 7. desember 2015

– Eg hugsar at det som var viktig frå fyrste dag, var å læra seg norsk og så å koma seg i arbeid. Ambisjonen min var å klara meg i det norske samfunnet. For å greia det har eg måtta arbeida hardt, seier Misago.

18000 skal busetjast

Nettopp språket og arbeid blir avgjerande når norske kommunar neste år skal busetja 18000 flyktningar, der 4400 av dei er flyktningborn under 18 år, som er åleine i Norge.

Skal desse bli ein del av det norske samfunnet, må kommunane lukkast med språkopplæringa og arbeidstilpassinga, seier assisterande regiondirektør Halwan Ibrahim i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi Vest):

Halwan Ibrahim

KOMMUNANE BØR STILLA KRAV: – Det er naturleg å forventa at flyktningane bidreg til at dei kjem ut i arbeid, seier assisterande regiondirektør Halwan Ibrahim i Integrerings- og mangfoldsdirektoratet Vest.

Foto: NRK

– Kjem flyktningen fort i jobb, blir han betre integrert, og kan dessutan bidra til storsamfunnet som skattebetalar. Ansvaret har kommunane – og den einskilde flyktning.

– Kva bør kommunane krevja av flyktningane?

– Det er naturleg å forventa at flyktningane bidreg til at dei kjem ut i arbeid – gjennom å delta i norskopplæringa og introduksjonsprogrammet og dessutan vera aktive jobbsøkjarar etter at introduksjonsprogrammet er ferdig, seier Ibrahim.

Kvar femte flyttar

På Vik bygde- og sjukeheim er Misago ferdig med å gi den eldre kvinna mat. 33-åringen og ektemannen har valt å bli verande i Vik. Men mange i deira situasjon har valt annleis.

22 prosent av flyktningane som blir busett i ein norsk kommune, flyttar vidare i løpet av fem år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB, sjå faktaboks). Sogn og Fjordane var lenge det fylket med størst gjennomtrekk. Men ved siste oppteljing var flyttetalet nede i 20 prosent.

– Den viktigaste grunnen til at eg har blitt verande her, er at folk i Vik har teke imot meg og familien min på ein fin måte. Då me byrja i arbeid, viste dei oss at dei vil ha oss her, seier Misago.

Beatrice Misago

BYEN HAR FREISTA, MEN ... – Då har eg tenkt: Kva er vitsen med å reisa frå ein stad og eit arbeid der eg trivst, og der ungane har det godt, seier Beatrice Misago.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Trebarnsmora fortel at ho er blitt freista til å flytta til ein stad med fleire folk frå Burundi, spesielt frå svigerinnene og svograne som har reist til byar for å ta utdanning.

– Men då har eg tenkt inni meg: Kva er vitsen med å reisa frå ein stad der du likar å bu, og byrja på eit nytt liv i byen. Her har eg etablert meg, eg trivst godt i arbeidet mitt, og ungane har det trygt.

Flytting kan øydeleggja integreringa

Fleire flyktningar blir buande i den fyrste kommunen dei kjem til, no enn få år sidan. Men framleis reiser for mange, meiner Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Skal norske kommunar lukkast med å integreringa, bør fleire bli buande lenger i den fyrste kommunen dei kjem til, seier Ibrahim:

– Det avgjerande er at flyktningen tek del i norskopplæring og i lokalsamfunnet. SSB-tal viser at 78 prosent av dei som blei busett i 2008, var i den same kommunen fem år etter. Det viser at det obligatoriske introduksjonsprogrammet har bidrege til at flyktningane blir meir bufast.

Ei velvillig kyrkje

Ein ti minuttars gåtur frå bygde- og sjukeheimen er Misago sin ektemann – Jonathan Nayaho (37) – i ferd med å gjera rutebussen klar:

– Det kjennest godt inni meg – å køyra folk trygt fram, betala skatt og ta del i det frivillige livet i bygda, seier sjåføren i Nettbuss.

Jonathan Nahayo

DRAUMEJOBBEN: – Som bussjåfør får eg prata med mange hyggjelege kundar, som eg prøver å køyra trygt fram, seier Jonathan Nahayo.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

For Nahayo gav nettopp den frivillige innsatsen for kyrkja tilgjenge til arbeidslivet:

– Då eg hadde lært meg litt norsk, prøvde eg å finna meg arbeid. Eg hadde planar om å gå på yrkessjåførskule, fordi draumen min var å køyra buss. Medan eg venta på skuleplass, måtte eg gjera noko anna.

Nahayo og familien hadde byrja å gå i kyrkja sidan dei var kristne. Der blei Nahayo kjent med presten, klokkaren og kyrkjeverten.

– Eg spurde om eg kunne få arbeida gratis. I den kristne tradisjon eg var vaksen opp i, blei det meste av kyrkjearbeidet gjort på dugnad. Då fekk eg til svar at dersom eg ville arbeida, skulle eg få betaling.

Frivillige er ein nøkkel

Slik byrja det at Nahayo blei kyrkjetenar.

– Kor viktig var kyrkja i starten?

– Det var veldig viktig for meg og familien min. Sjølv då me budde i flyktningleiren, gløymde me aldri at det var søndag.

Frivillige organisasjonar er avgjerande for å lukkast med å gjera flyktningane ein del av lokalsamfunnet, meiner IMDi:

– Integreringsarbeidet skjer ikkje mellom klokka 08 og 16. IMDi oppmodar difor kommunar og frivillige organisasjonar til å arbeida tett saman, seier Ibrahim.

Kommunane har tid

Anne Karin Hamre er fylkesmann i Sogn og Fjordane og medlem i Nasjonalt utval for mottak og busetjing av flyktningar.

Anne Karin Hamre

BUFASTE FLYKTNINGAR: – Det er viktig for flyktningane sjølve. Også for Sogn og Fjordane, som har utfordringar med folketalet, er det positivt. Hadde ikkje fylket hatt arbeidsinnvandring og flyktningar, hadde me vore 6500 færre dei siste ti åra, seier fylkesmann Anne Karin Hamre.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Hamre viser til at den store tilstrøyminga av asylsøkjarar gjer at Utlendingsdirektoratet (UDI) vil bruka lenger tid til å handsama asylsøknadane, og at den store busetjingsbølgja i kommunane fyrst kjem hausten 2016.

– Det betyr at kommunane har tid til å planleggja. Dei må difor byggja eit meir profesjonelt apparat og kopla flyktningarbeidet til heile det kommunale tenesteapparatet, laga gode koplingar til frivillige organisasjonar og næringslivet. Og så må dei vurdera om det er oppgåver dei kan samarbeida om, som det å kartleggja kompetansen til flyktningen og det å gi norskopplæring til analfabetar.

– Har fått det me drøymde om

Utanfor rutebilstasjonen i Vik har Jonathan Nahayo sett seg bak rattet, løyst handbrekket og let bussen rulla sakte bort til den fyrste haldeplassen på ruta.

– Eg ser ingen grunn til å flytta til ein by når eg har fått arbeid og familien har det trygt. Treng eg å besøkja vener frå Burundi, kan eg berre ringja dei eller reisa på helgebesøk. Det treng ikkje vera vanskelegare enn det, seier Nahayo.

Jonathan Nahayo

KLARGJER BUSSEN: – Nokre flyktningar flyttar frå mindre plassar fordi dei har vanskar med å skaffa seg arbeid, seier Jonathan Nahayo.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK